Vikingskip i Fitjarøyane

Jorunn Hernes fekk ei spesiell oppleving i kveld då ho frå kjøkenvindauga sitt såg eit vikingskip segla forbi.

Jorunn fortel:

"Draken - Harald Hårfagre sitt vikingskip seilte forbi kjøkkenvinduet vårt i kveld. Ikkje originalen, men ein nitid replika som i lengre tid har vore under arbeid i Haugesund, ein nøyaktig kopi av drageskipet til Harald Hårfagre. Komplett med seil i råd silke.

Me har mange gangar sete og snakka om at jammen ser me ut på leia som vikingskip fôr langsetter, og me trudde nesten me såg syner då me såg eit ekte vikingskip gli fram mellom Hjelmen og Ivarsøy. Dette måtte me sjå nærare på, så me heiv oss i båten og fulgte etter dei, og då dei la skipet til på Smedholmen fekk me mannskapet i tale.

Mannskapet (og kvinnskapet) var ein internasjonal gjeng, frå Noreg, Danmark, Sverige, Skottland, New Zealand, Frankrike, Spania, USA og sikkert mange andre land også. Drakens skipper, som me dessverre ikkje oppfatta navnet på, er svensk. Han fortalte at dette er ei høyst uoffisiell treningstokt. Det krever mykje trening og godt sjømannskap for å mestre det 35 m. lange vikingskipet.

På denne turen var ca. 30 personar om bord, men når dei ror med fullt mannskap kan dei være 120 personar. Dei kjem til å foreta ein meir offisiell ferd langs kysten når dei føler at dei kjenner skipet godt nok, Då blir det meir publisitet rundt det, men dei tok vennleg imot oss og det var ein stor opplevelse og få sjå skipet på nært hold."

Dei som vil vita meir om vikingskipet Draken kan lesa om den på Viking Kings si heimeside her. 

Jorunn Hernes har teke fleire flotte bilete av vikingskipet og detaljane på skipet. Bileta kan du sjå under her:

20130803 Draken foto Jorunn Hernes2

20130803 Draken foto Jorunn Hernes3

20130803 Draken foto Jorunn Hernes5

20130803 Draken foto Jorunn Hernes4

20130803 Draken foto Jorunn Hernes1

Alle foto: Jorunn Hernes