Gler seg storleg til Fitjarfestivalen

Fitjarfestival-general Ann-Sofie Drønen viser til eit rikhalding kulturprogram og trur årets festival vert kjempekjekk. 

Då eg traff festivalgeneralen, det vil seia leiaren i festivalkomiteen, på sjøsio på Fitjar laurdag ettermiddag hadde uveret lagt seg, sola skein frå ein nesten skyfri himmel og det var sandalver. Slik håpar Ann-Sofie det vert neste helg og, og ho har allereie teke til å fylgja med på vermeldingane som lovar 16-17 grader og stort sett sol nesten heile helga. Det meste skal skje ute på kaien nedanfor Larsen-bygget så då er det greit med opphaldsver. Folk kosar seg litt meir då, meiner Ann-Sofie.

Ann-Sofie Drønen, som av kjenningar gjerne vert kalla Pia, jobbar som ungdomsskulelærar på Rimbareid skule, og kunne i desse dagar sete i godstolen og note rolege avspaseringsdagar. Kva gjer at du vel å bruka fritida di på Fitjarfestivalen?

- Denne festivalen er fantastisk for bygda. Eg er ikkje fitjarbu, men eg har Fitjar i hjerta mitt og då eg fekk spørsmålet om å vera med i komiteen tenkte eg at no er det min tur. Dette kan eg, dette likar eg og dette har eg lyst å gjera for bygda vår, forklarer Ann-Sofie som flytta hit i 1995. 

Dette er den 4. Fitjarfestivalen. Tradisjonar er viktig og mykje vil vera likt som dei føregåande åra, slik som bodgata, som Ann-Sofie presiserer at har fri entre her på FItjarfestivalen. Nytt av året er at festivalen ikkje startar med ein vise- og lyrikk-kveld, men med ein kyrkjekonsert med Sigvart Dagsland, i samarbeid med temakveld-gruppa i kyrkja. Dette er ein konsert som generalen har store forventingar til, og som det så langt er selt flest billettar til. Det er begrensa med plassar i kyrkja, så vil folk få med seg den kjende artisten kan det vera lurt å få kjøpt seg billett i god tid. Andre kjende artistar som kjem er raparen Admiral P, Hanne Sørvåg og countryartisten Steff Nevers. Pia gler seg over eit rikhaldig og variert program med både store nasjonale stjerner og lokale heltar. Neste veke vil det vera ope festivalkontor i Larsen bygget kvar dag frå klokka 10-14. Der kan ein få informasjon om festivalen og kjøpa bilettar.

- Me har jobba for å leggja ting til rettes for at folk skal kunna ha råd til å koma og å ta med seg heile familien og tilbyr derfor familiebilettar og festivalpass. Ja, og så må du få med at dukketeateret i ungdomshuset er gratis, seier den engasjerte leiaren. Gratis er og alle innslaga og utstillingane som vil gå føre seg i område rundt bodgata på sjøsio i sentrum, både fredag og laurdag. Søndag vert det gudsteneste på kaien, i tillegg til at det vert matservering og open bodgate. 

Fiskefestivalen på Fitjar har lang tradisjon, heilt tilbake til 60-talet, og Ann-Sofie synes det er kjempekult at den er blitt ein del av Fitjarfestivalen. Generalen synes i det heile at det meste med festivalen er kult, som ho uttrykkjer det, og etter at ho nesten har teke pusten frå meg med å ramsa opp kjekke og spennande konsertar og kulturarrangement i fleng må eg berre bryta inn: Men alt dette kan ikkje du Pia klara å få med deg?

- Å-jo. kjem det overbevisande og med eit stort smil frå generalen, eg skal gå på alt eg!

Men det ho gler seg kanskje aller mest til er Camaleon som skal spela på Fitjar fjordhotell. Dei spelar det dei kallar afrocubanlatinsouljazzfunkbluesboogaloo og Ann-Sofie som elskar salsa trur det blir kjempespennande.

- Ja, og så blir det eit lynkurs i salsa fredag kveld for dei som har lyst å svinga seg til Camaleon-rytmane neste dag, seier ho med stjerner i blikket. 

Fitjarfestivalen er langt frå ei gullgruva og ingen tener pengar på den, men skulle den mot formodning gå med eit visst overskot vert pengane delt ut til dei laga og organisasjonane som har teke i eit tak i samband med festivalen. Fitjarfestivalen er heilt avhengig av både støtte frå det lokale næringslivet og stor dungadsinnsats frå bygdefolket. Det er mykje arbeid, men mange stiller opp og tar i eit tak. Er det nokon som ynkjer å bidra men som ikkje er sett opp på noko er det berre å ta kontakt med festivalkontoret og melda seg til teneste, så finnes det nok ein jobb for dei og, seier Ann-Sofie som har Geirmund Aga, Sissel Jørgensen, Ivar Hovland, Hildegunn Strand, Turid Marie Lambach Fitjar, Trond Gerhardsen og Sigurd Andre Maraas med seg i festivalkomiteen.

Det er mykje arbeid med eit slikt arrangement og det kan nok tenkast at både festival-generalen og andre treng å kvila seg litt i godstolen etterpå. Pia har i allefall fortent det. Men kjenner me den livsglade og danseglade generalen rett så slappar ho kanskje like godt av med litt salsa...

Fullt program og anna informasjon om festivalen finn du på heimesida deira her.