Trivst i gjestehamna på Fitjar

Larsenkaien er eit lite mekka for båtfolket kvar sommar. – Me likar oss godt her på Fitjar, seier båtturist Harry Haugland.

Harry og Ann Irene Haugland er på visitt frå Austevoll. Turen til Fitjar er ein dei tar støtt og stadig. – Me er ofte her, seier Ann Irene Haugland.

Ekteparet er blant mange som vitjar gjestehamna i Fitjar sentrum i sommarmånadene.

Dei ligg blant anna til kai for å handle. - Elles hender det me fisker litt, og vener av oss har brukt å gå tur i fjella. På fredag var me på Fitjarrevyen, derfor er me her no, fortel Ann Irene.

Etter varierande tids opphald på kaien reiser dei som oftast vidare til hytta deira på Ivarsøy.

Dei synest gjestehamna har blitt bra i løpet av åra. – Spesielt etter at dei fekk bølgjedempar er det blitt ein flott kai, seier Ann Irene.

Fitjarøyane er svært attraktive som båtutfartsområde. Tradisjonsrike skipsleier går gjennom området, med fleire handelsstader med tradisjon attende til 1648, ifølgje visitsunnhordland.no

Då Fitjarposten vitja kaien, var det omkring ti båtar liggjande i gjestehamna.