Måndag 23. April 2018


Pengane sat laust på jubileumsbasaren

Strålande solskin og lovnad om åresal, auksjon og gratis kaffimat førde til reine folkevandringa til Hatlevikjo laurdag føremiddag.

For 30. gong inviterte Hatlevik-kvartetten Rasmus, Anna Karin, Salamon og Kari til Hatlevikbasar ved bedehuset i Hatlevik på Ålforo, og folk strøymde til frå fjern og frå nær. Det er lenge sidan basaren vart så stor at dei måtte flytta utomhus, men dei har stort sett alltid vore velsigna med godt ver så det har fungert fint. Då flokken i år sette seg ned på bakkane og berga omkring bedehuset kunne ein telja til nærare 800 basardeltakarar.
- Fantastisk å sjå alt dette folket, strålte Rasmus'en, som heilt sidan basaren i fjor har halde på med å samla gevinstar og auksjonsgjenstandar til årets basar. Så var det og eit imponerande gevinst- og ikkje minst auksjonsbord han kunne visa til.

Det var tydeleg at dette hadde dei gjort før og alt var tenkt på. Alt frå god annonsering, gratis båtskyss frå Sagvåg og Rubbestadneset, skilting frå kaien til bedehuset, toalettfasilitetar anno 1952, juice, 200 liter kaffi og store mengder med bollar og årer. Og svært god lyd. Her gjekk ein ikkje glipp av eit einaste alvors- eller humoristisk ord, ein einaste song eller eit einaste bod eller vinnarnummer.
-Det er litt av varemerket vårt det, at me skal høyrast, fortel Nils Inge Hatlevik som sit i mixe-teltet saman med folk frå ZLYD som har ansvar for lyden.

Auksjonarius Inge Halstensen gjentok suksessen frå i fjor og med stø hand og humoristiske kommentarar fekk han opp både stemninga og bodiveren under den underhaldande auksjonen. Dei fleste auksjonsgjenstandane hadde eit visst maritimt preg og alt var handlaga. Kjøper ein noko her veit ein at ein får skikkeleg vare. Pengane sat laust og tusenlappane nærast flagra i enkelte budrundar. Her var iveren etter å støtte ei god sak like stor, eller kanskje endå større, enn interessa for gjenstandane. Det kom særleg fram då ein dorullhaldar gjekk for 1000,- og ei treskål med seigemenn gjekk for 4 000,-.

Ein stor flokk med ryfylkingar var komne eins ærend på dagstur til Hatlevikjo for åttande året på rad for å kjenna på stemninga og svi av ein del pengar til ei god sak.
-Far min var sjømann og det er ein av grunnane til at eg vil støtta sjømannsmisjonen, seier ryfylkingen som stakk av med sigeren i bodrunden om godteskåla. Skåla med seigemenn var langt frå hans første kjøp. Han sende ho spandabelt rundt til dei andre på berget og sa med eit lunt smil at han ikkje hadde tal på kor mange ting han hadde kjøpt, men at han brukar å koma heim med mykje fint frå Hatlevikbasarane.
-Me er ein stor gjeng saman, me kosar oss, me støttar ei god sak og så øser me kvarandre opp. Me må jo vera litt slik som Halstensen sier: Ikkje bruka vetet. Det er då det blir kjekt. Og me veit pengane kjem godt med dit dei fer.
-Ja, og så skriv me det av på tienden, supplerer naboen på berget.

Nokre auksjonsgjenstandar knyter det seg viktige tradisjonar til, slik som vogga, og kista med salmebok og testamente. Når dei skal under hammaren må ein først syngja dei tilhøyrande songane Den fyrste song og Vesle Daniel. Desse to flotte handverksprodukta gjekk for henholdsvis 8 500 kroner og 10 000 kroner. Overskotet, som arrangørane antek vert på omkring 100 000, er øyremerkt Den indre sjømannsmisjon sitt Betelskip Eliser 6. Betelskipet låg til kai på Ålforo denne fine laurdagen og kapteinen var innom basaren for å fortelja at pengane kjem godt med, og å takka for den emorme støtta dei får kvart år frå auksjonen og loddsalet på Hatlevikbasaren.Torolf Nordbø frå Finnøy var med på årets basar for første gong. Han heldt ein kort, jordnær andakt om det å ha det vondt og å leva i nåden. Same mann stilte og med humorinnslag som Han Innante. Brakkvald Tolvstøkkje, som Han Innante heiter, passa perfekt inn på Hatlevikbasaren og fekk latteren til å runga høgt mellom knausane i Hatlevikjo. Saman med Nordbø var og kona Marit Anmarkrud, som deltok med fortelling, og engasjerte ungane med eigne aktivititetar.

Hatlevikbasaren er blitt ein kulturinstitusjon som det går gjetord om, og som femner vidt, både i geografi, alder og tjukkelse på lommebøkene. Både dei som har vore her før og dei som var her for første gong kom først og fremst for å kjenna på stemninga. Og ein viktig del av stemninga er å leggja att pengar til misjonen og å la seg imponera og inspirera av eldsjelene som står på for denne basaren år etter år.

Den lange basardagen vart avslutta den slik den starta, med tonar frå evangeliske songar leia av Salamon, og eit handtrykk og eit smil frå Rasmus'en. To eldsjeler, som saman med mange andre frivillige, har eit stort hjarta for misjon.

Hatlevikbasaren 2013 foto Helga Rimmereid09

Betelskipet Elieser 6 og Helgøy-ekspressen ligg til kai i Hatlevik.
Foto: Helga Rimmereid

Marie 9 år

22.04.2018 Kjetil Rydland

 Marie fyller ni år i dag! Marie 9 år Gratulerer så masse med 9-årsdagen søndag 22.04! 

Les meir ...

Hoggorm på Engesund Visningssenter!

21.04.2018 Kjetil Rydland

Sjeldan gjest på merdkanten i Engesund. Foto: Goff Artsamai. Hoggorm på Engesund Visningssenter! Fredag morgon dukka det opp ein ubeden og svært sjeldan gjest på  Engesund Visningssenter i Fitjarøyane, då ein hoggorm brått sat...

Les meir ...

Bremnesingane blei altfor sterke for A-l…

21.04.2018 Kjetil Rydland

Fitjar nede for teljing med null poeng etter tre kampar. Foto: Kjetil Rydland. Bremnesingane blei altfor sterke for A-laget Trass ei tidleg leiing ved Daniel Skarpnes viste Fitjar-gutane seg altfor veike og...

Les meir ...
annonse

Første vigsla for ordføraren

20.04.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med brurparet Malene Løklingholm Leivestad og Morten Bauge Torland. Foto: Kjetil Rydland.   Første vigsla for ordføraren Fredag fekk ordførar Wenche Tislevoll sin elddåp då ho vigde Morten Bauge Torland (31)...

Les meir ...

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...

Carfix med utleigebil til kundane

19.04.2018 Kjetil Rydland

Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland.  Carfix med utleigebil til kundane Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna...

Les meir ...
annonse

Kansellerte ferjeavgangar

22.04.2018 Kjetil Rydland

– Så lang ferjekø har eg aldri sett før Ferjekøen sørover strekte seg mange kilometer søndag. Foto: tipsar Mange innstilte avgangar kombinert med stor helgetrafikk har skapt svært lange ferjekøar mot Sandvikvåg...

Les meir ...
annonse