Ein god femte plass

Etter å ha gått frå den eine musikalske toppen til den andre i det siste, avslutta Fitjar skulekorps korpsåret med ein strålande femte plass i andre divisjon under NM skulekorps brass i Stavanger i helga.

Strålande speling, smilte både musikantar, dirigent, styreleiar og foreldre etter NM-framføringa. Og minst like bredt smilte dei då det under premieutdelinga på festkonserten vart gjort kjent at Fitjar skulekorps kom på femte plass i sin divisjon, med 90 poeng.

Etter mange års pause deltok Fitjar skulekorpset igjen i NM i 2011. Den gongen stilte korpset i 3. divisjon og kom på ein overraskande og god fjerde plass. Året etter sikta dei endå høgare og kunne etter ein intens øvingsperiode jubla over sølvplassering. Etter gode domarkommentarar både under NM 2012 og under Sotrafestivalen hausten etter, var korpset i år klare for å ta steget opp til andre divisjon i NM. Her var dei i svært godt selskap med godt etablerte 2. divisjonskorps som Kløvheim skulekorps, Knarvik skulekorps, Skodvin skoles musikkorps,  Hellen skoles musikkorps og Askøy skolebrass, samt Sandnes skulemusikk som vann 3. divisjon i 2012 og det nye samarbeidskorpset Sotra vest/Midtre Sotra skulekorps.  Fitjar skulekorps framførde det nyskrivne stykket The House on Haunted Hill av Richard Rock. Dirigent var som vanleg Svein Roger Koppang, og det var ei stor oppleving for både dirigenten og musikantane å få spela i orkestersalen Fartein Valen, i det splitter nye Stavanger konserthus. Det var og spesielt at tre filmkamera snurra og gjekk rundt dei og at heile framføringa skulle sendast direkte på nett-tv.  Sjølv om salen var ny og ukjend for musikantane var dei som vanleg best då det gjaldt. Stykket sat så godt som perfekt og framføringa var ei stor oppleving for foreldre og andre frammøtte i salen. 

Same kveld var det premieutdeling, og festkonsert med Stavanger brass band. Det var ei flott oppleving for dei unge musikantane å få vera på festkonsert i den store flotte konsertsalen som rommar 1500 menneske og som er spesial-designa for akustisk musikk. Først då musikantane hadde benka seg i stolane sine på den andre balkongen gjekk det verkeleg opp for dei kva for stor, flott sal dei hadde spelt i tidlegare på dagen, og kor god lyden var i denne salen. Musikantane vart storleg imponert over den flinke euphonium-solisten i Stavanger brass band, men elles var dei mest spende på NM-resultatet og ikkje minst å få høyra domarane si meining etterpå.

Domarane Selmer Simonsen og Per Kristian Svensen skreiv i sine komentarar at korpset hadde fin klang, fin stil og fine solistparti. Korpset synte mykje energi og speleglede, men i fylgje domarane vart lyden tidvis litt for brutal i musikantane sin iver etter å skapa den skumle spøkjelsesstemninga som komponisten hadde lagt opp til. Fitjar skulekorps har mange unge musikantar og mange av dei som sat på scenen var under tolv år. Alle gjorde ein svært god og viktig jobb, men dei spelte eit krevande og gjennomsiktig stykke og domarane viste til at korpset har litt å gå på når det gjeld intonasjon og vanskeleg rytmikk. Men i det heile ei flott framføring av eit flott og spennande musikkstykke. Det som gjorde størst inntrykk på mange av musikantane var at domarane ikkje berre klappa entusiastisk, men og reiste seg for korpset, etter at gjennklangen av siste skumle tone frå The House on Haunted Hill hadde ebba ut.

Korpset overnatta på skulekorpsvis på flatsenger på Tasta skule, og la ellers inn ein del sosiale aktivitetar for å gjera korpsturen komplett. Det var påskjønningar, allsong, grilling, festkveld, uhøgtidleg kabaret, stomp-trening, besøk på vitenfabrikken, bowling og mykje meir. Og det var rom for eit måltid på MC Donalds og god tid til shopping, for dei som syntes det var viktig. 

Med prestasjonen under årets NM synte Fitjar skulekorps at dei verkeleg høyrer heime i andre divisjon. Både musiktantane og støtteapparatet skryt av NM-arrangementet, og dei har allereie teke til å tenkja på NM-deltaking neste år. 2014 er året for å feira grunnlova og "heile" korpsnoreg samles i Trondheim i juni for å markera 200-årsjubileet. Då skal tusenvis av musikantar og drillarar frå både skulekorps, generasjonskorps og vaksenkorps samlast til storstilt stemne og noregsmeisterskap. Om opplevinga i år var stor for musikantane frå Fitjar skal ein ikkje sjå vekk frå at opplevinga neste år kan bli endå større...

20130622 Korps NM foto HR
Fitjar skulekorps på scenen i Stavanger konserthus
under NM skulekorps brass 2013.