Sundag 21. Januar 2018


På veg til NM

Med eit nykomponert spøkjelsesnummer er Fitjar skulekorps snart på veg til NM for brass-skulekorps.

For tredje året på rad er Fitjar skulekorps klar for NM i Stavanger. Dei to føregåande åra stilte dei i tredje divisjon, og kom då på 4. plass og 2. plass. I år tar dei steget opp i 2. divisjon, med det nyskrivne stykket The House on Haunted Hill. Stykket er komponert av iren Richard Rock, og dette er det tredje konkurransenummeret han har levert til skulekorpset. Stykket handlar om nokre ungar som kjem til eit heimsøkt hus. Musikken er ny og moderne, med ein del disharmoniar og spesielle akkordar, og slagverkarane skaper mykje spenning og nifse lydar med alle sine ulike instrument. Innimellom all spøkjelsestemninga dukkar det opp fine, melodiøse parti.

Etter mykje øving er NM-forma inne, sjølvtilliten på plass og sommarfuglane på veg. Musikantane både gler seg og er veldig spende. Korpset framførde NM-nummeret under kulturskulen sin sommarkonsert denne veka, og det meste var på plass då. No gjenstår berre litt småpuss og fleire gjennomkøyringar slik at alt skal sitta som spikra. Siste øving før konkurransen er torsdag ettermiddag, og då kan alle som vil ynskja korpset lykke til i NM få høyra det spennande NM-stykket. Øvinga startar kl. 16.00 og når korpset spelar gjennom programmet ein siste gong ca kl. 18.00 håpar dei på publikum i salen.

Fredag ettermiddag set korpset kursen mot Stavanger, saman med omkring 700 andre korpsmusikantar. Reisfylgjet frå Fitjar på 36 musikantar og 10 foreldre skal rigga seg til på flatsenger på Tasta skule og musikantane får ein siste finpuss av NM-forma i Bjergsted fredag kveld. Så laurdag føremiddag brakar det laus. Då stiller Fitjar skulekorps på scenen i nye Stavanger konserthus kl. 10.40. Det er totalt 24 korps som deltek i NM brass, fordelt på 3 divisjonar. Fitjar konkurrerer mot sju andre skulekorps i 2. divisjon. Fleirtalet av korpsa kjem frå Hordland, men verken i 2. divisjon eller i dei andre divisjonane deltek det andre korps frå Sunnhordland i år. 

Heile konkurransen, og festkonserten med premiutdeling, vert sendt direkte på nett-tv, på TV2 Sumo. Så dei som ikkje har høve til å fylgja korpset til Stavanger kan få med seg alt heime i si eiga stove, om dei har skaffa seg rett abonnement. 

Fitjarposten ynskjer skulekorpset lykke til, og vil koma attende med rapport etter NM.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...
annonse
annonse

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...
annonse

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...