Konsert og utstilling

Fitjar kulturskule avslutta eit innhaldsrikt år med sommarkonsert og opning av kunstutstlling.

I samband med kulturskulen sin tradisjonelle sommarkonsert var det opning av kunstutstilling i foajeen i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Fitjar kulturskule starta først opp med visulle kunstfag i januar 2013, så alle dei unge kunstnarspirene er ferske i faget, men imponerte publikum med flotte maleri og kolstift-teikningar.

I tillegg til at piano-, fløyte-, fiolin-, song-, gitar og band-elevar opptrådde med flotte musikalske innslag, fylte og 5- og 6-åringar frå Bakken, Fitjarstølane og Årskog barnehage kultursalen med mykje fin song- og danseglede.

Konserten vart avslutta med at Fitjar skulekorps spelte NM-stykket sitt The House on Haunted Hill. Eit moderne, nyskrive stykke som handlar om eit spøkjelseshus. 

Fantastisk konsert og kjempeflotte bilete, var gjengangaren i kommentarane frå publikum etter konserten.

20130617 kunst HR
Flotte maleri malt av elevane på visuelle kunstfag. Foto: Helga Rimmereid