Fitjarkunstnarar på Festplassen i Bergen

Maren-Sofie og Bjørg Strømme er for tida med på kunshandverk-marknad på Festplassen i Bergen.

- Kunsthåndverk-marknaden er arrangert av Norske Kunsthåndverkere, Vest-Norge, og han er støtta av Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Norske Kunsthåndverkere, fortel Maren Sofie til fitjarposten.no.

Det er i år tredje året denne marknaden vert arrangert i store telt på Festplassen I Bergen, med deltakarar frå heile Hordaland, Austlandet og Danmark.

På markedet finn ein mange forskjellige kunsthandverk som keramikk, kle/tekstil, smykke, glas og vesker. I alt er det 30 utstillarar som viser fram produkta sine.

Bjørg og Maren-Sofie melder om godt publikumsbesøk trass i forrykande regnvèr.

Utstillinga vert avslutta i morgon ettermiddag.