Fredag 22. Juni 2018


Kulturskulen i to hundre

Frå hausten 2013 kan Fitjar kulturskule skilta med heile 200 elevplassar. Det er fleire enn nokon gong før.

Med eit budsjett på nesten ein million kroner har kulturskulen på Fitjar frå hausten av både eit større og breiare tlibod enn nokon gong tidlegare. Økonomien basserer seg på ein kombinasjon av elevbetaling og kommunal støtte. Det har vore stor og god aktivitet i kulturskulen før og, og det har vore to toppar tidlegare, fortel kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen. Den første toppen var på 70-talet med mellom anna mange elevar på el-orgel. Neste topp var på midten av 90-talet. Men så mange ulike tilbod og så mange elevplassar som det vert no har det aldri vore før, seier rektoren, som har studert grundig statisikkane frå tidlegare år. At kulturskulen er populær og at ein har fått på plass så mange ulike tilbod gler kulturskulerektoren umåteleg. Ho gler seg og veldig over at ho skal undervisa i fløytespel igjen til hausten.

Ledige plassar
Anne Lene ser berre eit skår i gleda, og det er ventelista. Etter at søknadsfristen var ute og fordelinga av plassane for hausten 2013 no er ferdig står vel 40 ungar på venteliste. Rektoren skulle så gjerne gitt alle plass, men det har ho ikkje rammer til. Lengst er ventelista på slagverk. Men så er det andre tilbod det framleis er ledig plass på, og dei som søkjer plass på desse faga no etter at søknadsfristen er ute vert tildelt plassar fortløpande. Messingundervisinga, som er aspirantopplæringa til skulekorpset, har nærast ubegranse plassar. Elles er det og ledige plassar på visuelle kunstfag, dans, drama/teater og gratis ukulele-undervising for dei på 4. trinn.

Lokale
Det meste av kulturskuleundervisinga går føre seg på Rimbareid skule, men og på dei to andre skulane i bygda om det er elevgrunnlag for det. I den gamle klokkargarden, blant ulike samanstua instrument og mange store flyttekassar fylt med formingsmateriel er det både slagverk-, band- og gitarundervising fleire ettermiddagar i veka. Då eg nerma meg døra ein tysdag ettermiddag vart eg møtt med flotte gitartonar og song. Ole Andre Stokken var nesten ferdig med sin time hos gitarlærar Jonas Selås Olsen og Sveinung Myhre var klar for å overta elevstolen. Ein del av kulturskuleundervisinga går føre seg i små eller større grupper. Sveinung brukar vera saman med ein anna ung gitarist, men då eg var innom var han åleine og fekk læraren si fulle merksemd. Og nærast gøymd i ei krå bak eit stort slagverk fekk eg ein flott intimkonsert. Det er lett å forstå at fru Jordåen er stolt over både elevane og lærarane i kulturskulen. Og der eg sit på huk bak slagverket, med ein gitar som klør meg i ryggen og med utsikt mot 4-5 ulike sletne tapetmønster bak gitaristane, forstår eg og godt  at dei drøymer om nye lokaler. Når nyeskulen på RImbareid står klar er planen at mykje av undervisinga skal flyttast dit.

Artikkelen fortset under biletet.

 Kopi av 20121018 ukulele HR1a
Arkivfoto av elevar som får ukuleleundervising.

Kulturskuletimen
Det er no slutt på stimueleringsmidlande som var grunnen til at Fitjar kulturskule kunne gjennomføra det store PADAFIKO-prosjektet sist skuleår. No skal alle elevar på eit trinn i småskulen i staden få eit felles gruppetilbod, ein kulturskuletime. Undervisinga skal gå føre seg rett etter skuletid, på dei skulane det er elevgrunnlag for det, og undervisinga skal vera gratis, men ein må senda inn søknad for å få vera med. På Fitjar er det ukulele som skal stå på timeplanen i kulturskuletimen. I samband med gjennomføringa av PADAFIKO-prosjektet i fjor vart det kjøpt inn klassesett med konsertukulelar, og det er desse elevane skal bruka i undervisinga.  Lærar vert Jonas S. Olsen. 

Besøk frå Latvia
Neste skuleår går Fitjar kulturskule inn i eit utvekslingsprogram som inneber samarbeid med kulturskular i andre land, fortel rektoren, som ser spent fram mot å ta imot gjester i oktober.  Då kjem ein delegasjon latviarar hit for å oppleva kulturskulen på Fitjar, og seinare skal rektoren på tur til Latvia for å sjå korleis dei gjer det der.  

Sommarkonsert
Kulturskuleåret vert avslutta med stor sommarkonsert i kultursalen måndag neste veke. I samband med konserten vert det og kunstutstilling i foajeen med maleri malt av elevar på visuelle kunstfag. Ungar frå Bakken, Årskog og Fitjarstølane barnehagar skal opptre på konserten, i tillegg til ein del av kulturskulen sine elevar. Etter konserten tar kulturskulen sommarferie. Sveinung og dei andre elevane som går i kulturskulen i år er sikra plass der til hausten og. Nye elevar som har fått plass skal ha fått melding om det, og i august vil alle få brev frå kulturskulen med dato for oppstart og øvingstidpunkt, minner rektoren om. Og då er i allefall Sveinung og Ole Andre svært klare for å læra meir gitarspel av den kjekke og flinke læraren dei har. 

Meir om Fitjar kulturskule finn du her.

 

 

 

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret …

20.06.2018 Jonas Sætre

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret i Hordaland Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Les meir ...
annonse
annonse

Samisk dag på Selevik skule

20.06.2018 Kjetil Rydland

Elevane har sett opp lavvoane, og Colin Alexander Peitisch viser at han har godt tak på lassoen. Foto: Kjetil Rydland.  Samisk dag på Selevik skule Friluftsrådet Vest skipa til "Samisk dag" for...

Les meir ...

Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødsl…

20.06.2018 Kjetil Rydland

Eigenutvikla nødslaktefartøy skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted.  Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødslaktefartøy Fitjar Mekaniske Verksted skreiv i går kontrakt med Austevoll-selskapet Servicebåt As om bygging av eit nødslaktefartøy med eigenutvikla...

Les meir ...

Variert haust med Temakveldgruppa i Fitj…

19.06.2018 Kjetil Rydland

Alverflaten Jazzband med konsert i Fitjar kyrkje under Fitjarfestivalen 9. august.  Variert haust med Temakveldgruppa i Fitjar kyrkje Haustprogrammet for temakveldene i Fitjar kyrkje er klart, skriv Eli Simonsen, som kan lova ein...

Les meir ...
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...
annonse