Stor musikkglede

Ni babyar, saman med mødrene sine, har storkost seg på babysongkurs denne våren.

Elin Sørfonn, mamma til Andreas, fortel at på babysong har dei fått syngja, leika, og kost seg saman med andre babyar og mødre. Andreas som snart fyller eit år har  delteke både på kurset i vår og kurset som var hausten 2012. Mamma Elin fortel vidare om kjekke aktivitetar og songar som babyane har fått vera med på gong etter gong. 

Kurset, som har gått over åtte samlingar, har bestått av ei songstund på omkring 40 minutt, nistemåltid og sosialt samvær. Samlingsstad har vore loftet på Fitjar bedehus og det er Fitjar sokneråd som står bak kurset. Under songstunda har babyane fått liggja på ei stor dyne på golvet, med dei syngande mødrene omkring. Babyane har og fått vera med å bevega seg til musikken, dei har fått spelt på maraccasar, dei har fått gynga i laken-båtar og fått andre opplevingar knytta til musikken. Repetisjon og gjennkjenning er viktig og det same programmet har blitt brukt kvar gong.  Eit av dei mest pupulære innslaga har vore lyttestykket "Det skjer et under i verden" som har vore kombinert med såpebobler.

Etter endt kurs, der foreldrene og babyane har hatt mange varierte og gode musikkopplevingar og mødrene har fått lært  nye barnesongar og regler og friska opp gamle, gode barnesongar, var det høgtideleg diplomutdeling til alle dei unge kursdeltakarane.

Til hausten vert det nytt babysongkurs, på loftet på Fitjar bedehus, samstundes som det er småbarnstreff for dei eldre ungane i hovudetasjen på bedehuset. Kurset består av 8 samlingar på 1,5 time. Oppstart er 4. september og det vert samlingar annakvar onsdag fram til og med 11. desember. Kurset kostar 150,- og då får ein med ein CD med ein del av dei songane som vert nytta, eit enkelt songhefte og det vert servert kaffi, te og saft under nistemåltidet. Ein kan allereie no sikra seg plass på haustens kurs ved å ta kontakt med kurshaldarane Astrid K. Prestbø på tlf 976 25 833 eller Helga Rimmereid 975 28 001.