Laurdag 21. Juli 2018


Under open himmel

Nærare 150 menneske i ulike aldrar feira friluftsgudsteneste ved Midtvatnet 2. pinsedag.

Det har lenge vore tradisjon med friluftsgudsteneste på fjellet 2. pinsedag. Friluftsgudstenestene er eit samarbeid mellom Fitjar kyrkjelyd og Stord-Fitjar turlag og har alltid vore svært populære. I år vart gudstenesta halden ved inste delen av Midvatnet.

Dei fleste trakka oppover på beina eller på sykkel, anten frå Vassverket eller på den nye tilkomstvegen frå Rimbareidfeltet. Det var og nokre kom austanfrå over fjellet, og dei som var skralast til beins fekk motorisert skyss opp.

Dagen starta varm og fin med strålande sol, vindstille og over 20 grader. Mange sveittedråpar vart lagt igjen i bakkane oppover og drikkeflaskenen var i flittig bruk, men verken frå dei små, dei vaksne eller dei eldre var noko særleg klaging å høyra. 

Det var kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu (Nobu) som stod for gudstenesta. Med seg hadde han Ellen Vestbøstad som organiserte det praktiske og laga til alter i det framleis brune landskapet ved Midtvatnet. Harald Johan Sandvik, Kjersti Muri og Bård Inge Bø hjalp til med lesing og bøner. Og ein stor kyrkjelyd benka seg på sitteunderlag i hallinga med utsikt mot vatnet, og fekk med seg gudstensta under open himmel. Dagens tema var det levande vatnet, og etter å ha teke seg ein forfriskande slurk med svartavatn på flaske snakka Nobu om Den heilage ande som er det levande vatnet.

Til å akkompagnera allsong var det med ei gruppa messingblåsarar frå skulekorpset. Dei stod for eit kjekt og friskt akkompagnement til den svært så gode allsongen i fjellheimen. Til preludiun spelte Oda Rydland "Men går jag over engarne" på euphonium, Guro Rimmereid spelte soloen Domen på flygelhorn og heile blåsegruppa som bestod av Kristian Prestbø på bass, Helga J. Raunholm på trombone, Oda Rydland på euphonium, Guro Rimmereid på flygelhorn og Ingvild Prestbø på kornett avslutta gudstenesta med postludiet Crimond.  .

Ellen Vestbøstad og Nobukazu Imazu inviterte til fjelltur over Beinatjørnsvarden etter gudstenesta for dei som ville gå lengre, men før det var det tid for kyrkjekaffi, kyrkjesaft, grove turskjever og bollar, og litt sjokolade for dei som hadde hugsa å ta med det.

I løpet av gudstenesta skya det til og langbukser og vindtette jakkar måtte plukkast fram, men himmelens sluser opna seg først etter at alle hadde kome seg vel heim, og ein kunne tenka attende på nok ei vellukka 2.pinsedagsgudsteneste ute i det fri.

 

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...
annonse
annonse

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...
annonse

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...
annonse