Torsdag 19. Juli 2018


Flagg, korpsmusikk og bunader

Tradisjon tru starta 17. mai føremiddag med at eit flott, fargerikt og langt tog snodde seg frå parkeringsplassen i sentrum, via kulturhuset, sjukeheimen og aldersheimen, til kyrkja.

"Flagget vaier, rødt, kvitt og blått. Me skal feira, det er så flott. Me skal leika og ha det så bra, derfor seier me hipp, hipp, hurra!!! "

Slik lydde delar av heiaropet til 3a ved Rimbareid skule. 3. klassingane var langt frå dei einaste med flotte heiarop, song og annan lyd i det lange toget som snodde seg langs vegen i sentrum.

Det var mange festpynta folk å sjå, både i toget og langs ruta, men ingen uniformer. Fitjar skulekorps og Fitjar musikklag var som vanleg på plass, men denne gongen i bunader og andre festplagg. Dei skapte god stemning i toget med flotte marsjar som King Size og Dixieland strut.

Aller fremst i toget gjekk flaggborga med Vidar Larsen i spissen og 8 flotte, bunadskledde 9. klasse-jenter. Elles var toget fullt opp med ungar frå alle barnehagane og grunnskulane i Fitjar og nokre russ frå vidaregåande. Tradisjon tru stoppa korpset ved sjukeheimen og Havnahuset der dei spelte nasjonalsongar for bebuarane og andre frammøtte.

Medan skuleungane leitte etter foreldra sine utanfor kyrkja, der toget stoppa, opna himmelens sluser seg, og med det var finveret over.

Mange fann vegen vidare inn i kyrkja der både Fitjar skulekorps, Fitjar barnegospel og Osternes mannskor tok del i ei flott, feststemd gudsteneste.

 

Kopi av 170513 Barnetoget HR02

Musikantar frå Fitjar skulekorps og Fitjar musikklag sørgde for flott marsjmusikk i toget.

Kopi av 170513 Barnetoget HR03

1. klasse ved Rimbareid skule kom rett bak skulefana.

Kopi av 170513 Barnetoget HR04

Elevar frå 2a på Rimbareid skule.

Kopi av 170513 Barnetoget HR05

FAU ved Rimbareid skule sin pris for beste småskuleklasse i toget gjekk til denne gjengen frå 3a.

20130517 kongetribunen HCH

Damene på Fitjar sin eigen "kongetribune" hadde god utsikt til det flotte og fargerike 17. mai-toget.
Foto: HCH

Barnetoget 170513 HR

Maren Rydland og Kaisa Johansson frå Fjellheim friluftsbarnehage likte godt å gå i 17. mai-tog.

Kopi av 170513 Barnetoget HR06

4a ved Rimbareid skule i strålande 17. mai-humør.

Kopi av 170513 Barnetoget HR08

Kjekt med nokre russ i toget.

Kopi av 170513 Barnetoget HR11

I brukbart opphaldsver snodde eit flott og langt tog seg bortover vegen.

Kopi av 170513 Barnetoget HR12

Musikantane spelte Ja vi elsker for bebuarane på Fitjar bu- og behandlingssenter..

Kopi av 170513 Barnetoget HR13

Elevane frå Sælevik skule ventar på at toget skal gå vidare frå sjukeheimen.

Kopi av 170513 Barnetoget HR14

Harriet Helen Stadheim, Lisa Volden og Rebecca R. Koløen gjekk fremst i toget med flagg.

Kopi av 170513 Barnetoget HR15

Sofie Helland i fitjarbunad, Erika Reigstad i hardangerbunad, Henriette Tranøy i fitjarbunad og Åse M. Underhaug i rogalandsbunad.

Kopi av 170513 Barnetoget HR07

6a ved Rimbareid skule fekk FAU sin pris for beste storskuleklasse i toget.

Kopi av 170513 Barnetoget HR01

Helga J. Raunholm (trombone) i Fitjar skulekorps brukte hardangerbunad og ikkje uniform då ho spelte i 17.mai-toget i år.

Kopi av 170513 Barnetoget HR17

Toget er på veg mot kyrkja, som var endestasjonen på turen.

Kopi av 170513 Barnetoget HR18

Thomas Korneliussen, Liv Janne Svalland, Kristi Rydland og Brynjar S. Bergesen, som alle går i 1. klasse på vidaregåande, måtte søkja ly under ein paraply då toget var ferdig.

Kopi av 170513 HR

Fitjar barnegospel song for ei fullsett kyrkje.

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...

Vandring i elveleiet til Tveitaelvo

16.07.2018 Kjetil Rydland

Her starta elvevandringa, vel hundre meter nedanfor Botnavatnet. Foto: Magne Røed.  Vandring i elveleiet til Tveitaelvo Tveitaelvo er ei av dei mest vassrike elvane våre, og renn frå Botnavatnet forbi Dalshaugane og...

Les meir ...

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...
annonse
annonse

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...
annonse

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse