Blåste i skuletimen

- Wow, kult instrument, kjem det frå ein av 7-åringane i det han kikkar ned i lærar Svein Roger Koppang sin instrumentkasse og gjer seg klar til sin andre minitrompet-time.

2. klasse ved Rimbareid skule får i desse dagar undervising i minitrompet, som i fylgje elevane ikkje berre ser kul ut, men som og er veldig kjekk og veldig lett å spela på. At minitrompeten, som er som ein samantrykt, komprimert trompet, er både kul og kjekk å spela på er lett å forstå, men at det er lett å spela på den er uforståeleg, for her skal det langt meir til enn å berre blåsa.

Elevane starta timen med oppvarming. Oppvarming er ikkje like populært hos alle, men det må til. Det var pusteøvingar, bie-summing på leppene og speling på berre munnstykket. Elevane var utolmodige etter å få instrumenta i hendene. Så endeleg skjedde det, og messing-balubaen var laus. Det verkar nærast umogleg å gje 11 2. klassingar eit så flott og spennande instrument i hendene og så be dei om å venta med å spela på det. Her vart det tut og blås i alle retningar frå første stund, reint som eit riktig messingband der musikarane varmar opp samtidig men på kvar sin måte.

Svein Roger Koppang, som jobbar som messinglærar i Fitjar kulturskule  fekk, med hjelp av lærar og korpsentusiast Liv Mari K. Lønning, samla elevane igjen og gjort dei klare til å spela ein felles song. Dei song og spelte på omgang, felles og som kano, og det var reint som det tok til å svinga av musikken. For å få rocka skikkeleg opp det siste musikkstykket fekk dei hjelp av playback frå ein liten cd-spelar, som dei lett overdøyvde. Brått stod rektor Siv Grete Stamnes der, smilte breitt og svinga seg til rocke-musikken. Ho likte tydeleg det ho høyrde og såg.

Jentene var svært lydhøyre og gjorde alt slik dei skulle. Dei fleste gutane var mest opptatt av å laga lyd. Saman skapte dei musikk.

Elevane skal ha ein time til med trompetane, og så er dei klara for å framføra det dei har lært. Alle tre trompetgruppene skal opptre under skulekorpset sin marknad i kultursalen 25. april. Elevane gler seg til å spela konsert, og mange har fått smaken på messinginstrument og har lyst å starta i korps for å spela meir, fortel dei. Lærar Svein Roger Koppang, som og er dirigent for Fitjar skulekorps, skrytte av elevane og meinte det var mange talent og mange ivrige blåsarar i 2. klasse. Han håpar han møter mange av dei igjen som aspirantar i skulekorpset i haust eller neste år. Både han og Liv Mari minner om at i korps der får alle vera med, der er det ikkje noko laguttak, alle deltek og bidreg i musikkfellesskapet, på tvers av alder og ferdigheiter. Det er noko av det som er så fantastisk med korps.

Kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen ikkje å halda seg vekke når det skjer slike spennande ting, som trompetspeling i skuletida. Ho stikk og innom ein liten tur for å sjå og høyra korleis det går. Kulturskulen har fått vore med på så mykje kjekt, spennande og flott i det siste at det er formeleg som kulturskulerektoren svever, og no gler ho seg til marknaden og mykje flott korpsmusikk der. Det skjer så mykje bra her på Fitjar, smiler Anne Lene, som gjennom PADAFIKO-prosjektet som me har skrive om tidlegare, fekk støtte frå staten til samarbeidet mellom skulen og kulturskulen for å styrkja dei praktisk-estetiske faga i skulen. Støtta var med på å gjera det mogleg å kjøpa inn eit gruppesett med minitrompetar, noko som var heilt avgjerande for at 2. klassingane skulle få dette unike høvet til å smaka på korleis det er å spela blåseinstrument. 

Brått var det over for denne gong. Elevane hadde "blåst vekk" ein heil skuletime, og ei ny gruppe stod på døra klare til å ta over instrumenta.

20130422 minitrompet HR3

Framme frå venstre: Ingeborg Prestbø, Helene Børtveit, Alma Brekke, Regine Haukeland og Irmelin Havn.
Bak frå venstre: Lærar Svein Roger Koppang, Halvor Aga, Jan G. Bukkøy, Adrian O. Huset, Adrian H. Berntsen, Leon Ivarsøy og Gabriel Kannelønning.