Torsdag 19. Juli 2018


Førebur teaterframsyning

Fitjar kultursskule set i vår opp ei teaterframsyning for aller første gong. Over 50 kulturskuleelevar er involvert i framsyninga, og i helga var det intens øving.

"Alice lengter tilbake" er namnet på teaterstykket som er skrive av Tor Åge Bringsværd og som er som ei fortsetting av det meir kjende stykket "Alice i eventyrland". Alice har no blitt gamal og lengtar attende til Eventrylandet der ho var som lita.

Framsyninga, som vert sett opp av Fitjar kulturskule, er eit samarbeid mellom dansegruppene med deira lærar og teaterelevane med sin lærar. I tillegg deltek songarar, og dei som går på visuelle kunstfag har vore med å måla kulissar. Dette er eit skikkeleg samarbeidsprosjekt som ein håpar endar opp i ei flott teaterframsyning i kultursalen. 

Det er både spennande og krevjande å jobba med eit slikt stort prosjekt, er dramalærar Torill B. Falk og danselærar Jorunn G. Whittaker samde om. Spesielt sidan det er første gong dei gjer dette på Fitjar og det er nytt for alle. Denne helga var det intense øvingar i kultursalen kvar dag. Då eg traff lærarane og nokre elevar heilt mot slutten av øvingsdagen på laurdag hadde dei framleis meir energi att og var ved godt mot. Lærarane skraut uhemma av elevane som hadde vore tolmodige, flinke og lydhøyre heile dagen. Så har dei og vorte stelt godt med av foreldre som har stilt opp med vaflar og kaker. Andre foreldre har vore i sving med å laga kulissar og kostyme. Utan foreldra sin innsats hadde ikkje dette vore mogleg, poengterer lærarane, som etter at elevane har gått sit og finpussar på planen for inngangar og utgangar. Det er framleis nokre lause trådar og tida går snart for dei som skal trekkja i alle trådane.

Kulturskuleelevane som deltek i teaterprosjektet er i alderen førskulealder til 10. klasse. Andrea N. Hollund fortel at dei som er av dei eldste teaterelevane fekk ynskja seg roller, men det var ikkje alle som fekk den rolla dei helst ville ha. Andrea ville helst vera Hjerterdama, men den rolla fekk Ingrid. Så vart Andrea i staden Kari, ei av søskena som skal redda Eventyrlandet. Andrea smiler og seier ho trur at ho passar bedre som Kari enn som dronning. Så var det ei meining med det. Nokre andre teaterjenter som ventar på å verta henta synes dagen har vore lang og slitsom, men seier at dei likevel har kost seg. Og så gler dei seg til morgondagen, for då skal dei prøva sminke og det trur dei blir ekstra kjekt. Framsyninga er dei ganske spende på, men håpar mange vil koma å sjå. 

Alice lengter tilbake er eit familieteaterstykke som skal vera underhaldande for både liten og stor. Publikum får to høve til å få med seg denne første, lokale teaterframsyninga i kultursalen. Første framsyning vert søndag 21. april og andre og siste framsyning er satt til tysdag 30. april. 

teater 2 HR 
Dramalærar Torill B. Falk instruerer Ingrid S. Bergesen (Hjerterdama) og Torstein Træet (Haren) i rollene deira. 

 

 

 

 

 

 

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...

Vandring i elveleiet til Tveitaelvo

16.07.2018 Kjetil Rydland

Her starta elvevandringa, vel hundre meter nedanfor Botnavatnet. Foto: Magne Røed.  Vandring i elveleiet til Tveitaelvo Tveitaelvo er ei av dei mest vassrike elvane våre, og renn frå Botnavatnet forbi Dalshaugane og...

Les meir ...

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...
annonse
annonse

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...
annonse

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse