Måndag 22. Januar 2018


Musikantar, songarar og dansarar inntar kyrkja

På nytt, utvida podium i kyrkja førebur skulekorpset seg til konsert saman med songarar og dansarar.

Fitjar skulekorps, med sine 34 medlemmer i alderen 9 til 19 år, førebur seg i desse dagar til storstilt konsert i Fitjar kyrkje neste helg. For å få plass til heile det store korpset framme i koret i kyrkja er podiet for høvet utvida med flyttbare element, slik at alle sit både høgt og trygt.

Konserten, som har fått namnet "Songs from a secret garden", er ikkje ein tradisjonell kyrkjekonsert men ein draumekonsert. Det tyder at korpset samarbeidar med andre kulturaktørar i lokalmiljøet om konserten og legg opp til å nå ut til eit breitt publikum. Som resultat av det håpar ein at musikantane får oppleva å spela for fullsett sal (kyrkje). Konseptet Drømmekonserten er satt i gang av Noreges Musikkorps Forbund, som ynskjer å leggja til rettes for slike positive konsert-opplevingar. For å kunna verkeleggjera konsertdraumar støttar Norges Musikkorps Forbund saman med Norsk tipping nokre slike konsertprosjekt. Fitjar skulekorps var eit av 20 korps i Noreg som fekk slik støtte denne våren.

Songs from a secret garden vert ein spenstig konsert der både dansarar og Osternes mannskor skal opptre i tillegg til korpset. Osternes mannskor, som tidlegare har jobba med songar av fitjarbuen Thomas Kleppe, skal mellom anna framføra ein av desse songane under konserten.

Dansarane, som er elevar i Fijtar kulturskule med Jorunn G. Whittaker som lærar, er i alderen 10-13 år. Dei unge dansarane skal vera i sving under to av musikkstykka som korpset skal framføra, og dette vert første gong dei dansar til levande musikk. I tillegg til at dette er første gongen at korpset og dansarar samarbeider, er det og første gong ei av dansegruppene opptrer utanfor kulturskulen sine eigne arrangement og lokale, og det er ein av dei første gongane det vert framføring av dans i Fitjar kyrkje. Så dette vert nytt og spennande for mange. 

Korpset kjem til å spela mykje variert musikk, frå barnesongar, kveldssongar, folketonar, salmer og hymner til populær musikk frå 90-talet. Fleire av korpset sine musikantar skal vera solistar under konserten. 

Det finnes og mange dyktige songarar i korpset sine rekkjer. Silje Rydland, Edith Helland, Marthe V. Nordfonn og Audun Arthur Mehammer skal framføra kvar sitt songnummer, akkompagnert av piano. 

I denne omgang vert det berre ei framføring av konserten Songs from a secret garden, så her må folk kjenna si visittid og møta opp på den eine konserten som vert i Fijtar kyrkje laurdag kveld (Sjå annonse her på Fitjarposten).

Korpset lovar ein spanande, heilheitleg og godt førebudd konsert med mange godbitar og litt for ein kvar smak.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal

22.01.2018 Kjetil Rydland

Ailin Vik med premien for årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal 2017. Foto: Ole Vidar Helland, Fitjar Racing Team.  Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal Under årsmøtet til NMK Vikedal i helga blei...

Les meir ...

Full fest med Vassendgutane

21.01.2018 Kjetil Rydland

Vokalist og bassgitarist Sindre Aam var i storform på Fitjar i går kveld. Foto: Kjetil Rydland.  Full fest med Vassendgutane Vassendgutane var i storform i går kveld og trekte heile 750 festglade...

Les meir ...

Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...
annonse

Fine skiløyper, varme pølser og god stem…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Klara Olsen Aadland på åtte år i fin stil saman med mor si, Helga, på veg oppover mot Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.  Fine skiløyper, varme pølser og god stemning Fitjarfjellet lokka med...

Les meir ...

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...
annonse

Marius Pedersen vann Norna-lekene på kna…

22.01.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen, friidrettsgut i rivande utvikling, vann Norna-lekene suverent. Foto: FP-arkiv/Kjetil Rydland. Marius Pedersen vann Norna-lekene på knalltid! Under Norna-lekene i Åsane i helga vann Marius Pedersen både lengde og 60 meter...

Les meir ...