Måndag 22. Januar 2018


Flotte oppturar og flotte nedturar

Nærare hundre stykke deltok på kyrkjelydsturen til  Myrkdalen. Ei strålande helg prega av godt fellesskap, godt stell, skiftande ver, sveitte oppturar og fartsfylte nedturar.

"Dette har vore ei heilt strålande helg", seier soknerådsleiar Torunn Årskog før ho set kursen heimover etter nok ein vellukka  kyrkjelydstur til Helgatun i Myrkdalen. Dette var åttande gongen soknerådet arrangerte ein slik tur, og turen var som alltid svært populær. Med 94 deltakarar var det heilt stu fullt, og vel som det, på alle rom på Helgatun fjellpensjonat.

Soknerådsleiaren skryt av veret og folka og seier det er så kjekt når det er eit så vidt spekter av folk som er med. Her er ei god blanding av kjende og ukjende, yngre og eldre frå 1 til nærare 70 år. Ja her er verkeleg heile breidda av kyrkjelyden med på tur, seier den solbrune soknerådsleiaren.

Om morgonane og kveldane var det samlingar av ulik karakter, for folk i alle aldrar. Ungdomane hadde eigne samlingar etter at dei yngste var i seng og medan dei vaksne og eldre koste seg med ein kaffikopp i peisestova. Dagane var frie til å fyllast med det ein måtte villa. For dei fleste lokka snøen, anten i alpinanlegget, i barnebakken, i akebakken, på Vikafjellet, i lysløypa eller oppover til setrane i fjellet. Her var noko for ein kvar smak, og dei fleste naut den flotte vintersnøen heile dagane. Nokre likte best dei fartsfylte nedturane, medan andre var som kyrkjelydspedagog Silje H. F. Fyllingen som likte best oppturane. Men for dei fleste var det som ein av dei godt vaksne sa: oppturane vart langt frå nokon nedtur, og nedturane vart nokre gedigne oppturar.  

Sjølv om det ikkje var strålande solskin heile tida, men og nokre kraftige snøbyger, fekk dei fleste nok sol og farge. Det var jamvel dei som fekk i meste laget, slik det gjerne brukar å vera når ein reiser til det snørike høgfjellet etter påske. 

Tema for helga var "Bålet - Nær Kristus - Nær menneske", og temaet gjennomsyra alle samlingane heile helga, frå bli kjend-samlinga fredag kveld, til gudstenesta søndag morgon. 

Det var langt frå berre Torunn Aarskog som var nøgd med helga. Tonen rundt omkring i gangane like før avreise var godt samstemd. Dette hadde vore kjempe kjekt. Det kjekkaste var å stå på slalåm saman med dei store, sa Maren på fem år, som allereie er ein habil alpinist. Ungdomane likte seg og godt i alpinbakken, men dei ville i tillegg trekkja fram alt det kjekke sosiale som har gjort denne turen ekstra minnerik.  Desse turane er alltid  like fantastiske og er derfor ein viktig for oss, forklarer ei med nye friske frekner over nasa. Og ekstra kjekt med eigne ungdomssamlingar om kveldane, tilføyer ei av dei andre. "Ja, me gler oss allereie til neste år", smiler Oda Rydland og får tydelege nikk frå resten av gjengen som ventar på at foreldre og besteforeldre skal verta ferdige med å pakka i bilane.

Det kjedelegaste, ja det er utan tvil køyreturen, seier Emil Sørfonn, som var med til Helgatun for tredje gong, og som gjerne reiser attende. Men køyreturen bør ikkje skrema folk. Det tar ikkje meir enn vel to timar å køyra frå Halhjem til Myrkdalen, viss då ikkje vegen er stengt og ein må reisa om Hardanger, slik soknepresten testa ut. 

Ynskjer du å få med deg kyrkjelydsturen til Myrkdalen neste år må du merka deg datoen 25. april 2014, for tida kjem mot oss i stor fart og brått er dagen der. 

På vegner av deltakarane vil eg gjerne retta ei stor takk til komiteen for turen: Olav J. Oma, Bård Inge Bø, Håkon Rydland Sæbø, Helga O. Aadland og Aase Nøttveit. De gjorde ein glimrande jobb, og la alt så fint til rettes for oss alle!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fine skiløyper, varme pølser og god stem…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Klara Olsen Aadland på åtte år i fin stil saman med mor si, Helga, på veg oppover mot Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.  Fine skiløyper, varme pølser og god stemning Fitjarfjellet lokka med...

Les meir ...

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...
annonse
annonse

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...
annonse

Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...