Laurdag 21. April 2018


Maleglade jenter

Det nye kunstfaget i Fitjar kulturskule er godt i gang, og dei fem maleglade elevane held no på med å mala kulissar til teaterframsyninga Alice lengter tilbake.

"Da va akkurat ditta eg har venta på", smiler Emilie Haukeland (13), som vidare fortel at ho las om oppstarten av visuelle kunstfag i Fitjarposten i vinter. Emilie står og maler på ein høg kvit kasse som skal verta ein dronningstol som skal sjå ut som den er laga av kort frå ein korstokk. Stolen skal nyttast i teaterframsyninga Alice vender tilbake.

Kunstfag er heilt nytt i Fitjar kulturskule, og elevane har berre hatt nokre få veker med undervising, men dei har allereie lært mykje og storkosar seg på timane som går så altfor fort. Lærar er Torill Berger Falk som og jobbar som teater/dramalærar i kulturskulen. 

Alle jentene synes det er kjempekjekt å mala, og likar å læra ulike teknikkar. Dei starta i januar med å laga skisser og så jobba fram mot eit akrylmaleri, som dei nesten er heilt ferdige med, fortel lærar Torill. Det vart så bra, skryt læraren. Elevane er meir beskjedne og prøver å skjula kor stolte dei er av produkta sine og kor godt det gjer med ros. Men er ein veldig fornøgd, er det ikkje lett å skjula smilet... Eg får sjå dei snart ferdige kunstverka, som står i Losjehuset der dei vanlegvis held til. Og hobbyjournalisten vart litt satt ut. Eg er ingen kunstmeldar, men dette synes eg var verkeleg flott. 13-15 år gamle jenter som berre har hatt eit par månader maleundervising og så har dei laga så flotte maleri. Men så er og produktet eit resultat av ein prosess som har gått over fleire veker, der dei har fått god veileding av den sprudlande kunstlæraren. Det starta med skisser av ting i Fitjar kultur- og idrettsbygg, så uttrekking av detaljar frå skissene og så vidare arbeid med detaljane før desse vart overført til lerretet. Og så måtte dei bestemma seg for ein primærfarge, og berre bruke den i ulike nyansar og ev saman med svart og kvit. "Eg valde blått", seier Elin, og forklarer det med at det var den fargen ho følte det var enklast å laga fleire nyansar av. Ho seier vidare at dei har lært ein del om ulike teknikkar og så har dei lært mykje om å blanda fargar. Elin er glad i både musikk og maling, og spelar og kornett i kulturskulen. Andre på gruppa synes maling er mykje kjekkare enn musikk, og dei gler seg ekstra over at dei og kunne få eit tilbod i kulturskulen. 

Frå å jobba i eit forholdsvis lite format og med akrylmaling har dei gått over til kjempestore format når dei no malar kulissar til ei teaterframsyning. Då eg er innom male dei på ein dronningstol og mange høge tre. Trea skal helst sjå runde ut. Torill går rundt og hjelper og rettleier. Det er ein nøgd gjeng som etter vel ein time kan benka seg øvst i kultursalen, sjå på det dei har malt og konstatera at alle trea ser runde ut. 

Læraren sprudlar over av gode tankar og ord om teaterframsyinga, som er eit felles prosjekt for dei som går på kunst, teater og dans. Det er veldig kjekt med slike samarbeid, seier Torill som sjølv har ansvar for to av desse gruppene. På dans er det Jorunn G. Whittaker som er lærar. 

Kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen synes og det er kjekt å ha fått i gang visuelle kunstfag. Ho synes og det er veldig spennande no når kulturskulen skal setta opp teaterframsyninga Alice lengter tilbake. "Det er fyrste gong kulturskulen gjer seg i kast med eit slikt stort prosjekt, så det er veldig spennande, og det er heilt nytt for både elevar, lærarar, føresette og meg som kultursskulerektor", seier Anne Lene. 

Rektoren minner om at søknadsfrist for nye som ynskjer plass i kulturskulen er 1. mai. Elevavgifta er 1 330,- i halvåret, og dei som er elevar i kulturskulen i dag beheld plassen sin til hausten, dersom dei ikkje seier den opp.

Har du lyst å få med deg framsyninga Alice lengtar tilbake må du kryssa av søndag 21. april eller tysdag 23. april i almanakken.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...

Carfix med utleigebil til kundane

19.04.2018 Kjetil Rydland

Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland.  Carfix med utleigebil til kundane Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna...

Les meir ...

Fjord1 med ny nettside

19.04.2018 Kjetil Rydland

MF "Vågsøy" går i sambandet Sandvikvåg-Husavik. Foto: FP-arkiv/KR.  Fjord1 med ny nettside Ferjeselskapet Fjord1 lanserer ny nettside med eit heilt nytt visuelt inntrykk. 

Les meir ...
annonse

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestival…

19.04.2018 Harald Johan Sandvik

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestivalen Styreleiar Inger Elin Helland orienterte formannskapet i Fitjar om den niande utgåva av Fitjarfestivalen.

Les meir ...

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass

18.04.2018 Harald Johan Sandvik

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass Olaug Haugen er ny rådmann i Fitjar. Foto: Harald Johan Sandvik Påtroppande rådmann Olaug Haugen var med på sitt første politiske møte i Fitjar...

Les meir ...

Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestr…

18.04.2018 Kjetil Rydland

Bjørg Strømme og bygdekvinnene har mange jern i elden. Foto: FP-arkiv/KR.  Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestreif  Bli med på bygdekvinnestreif i Omvikdalen 28. april, oppmodar Bjørg Strømme i ei pressemelding.

Les meir ...
annonse

Første vigsla for ordføraren

20.04.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med brurparet Malene Løklingholm Leivestad og Morten Bauge Torland. Foto: Kjetil Rydland.   Første vigsla for ordføraren Fredag fekk ordførar Wenche Tislevoll sin elddåp då ho vigde Morten Bauge Torland (31)...

Les meir ...
annonse