Måndag 16. Juli 2018


Skogstur utan bål

Det blir skogstur med småbarnstreff som planlagt førstkomande onsdag. Men grunna forbod mot bruk av open eld vert det ikkje grilling eller koking av påskeegg.

Skogsturen går til Rimbareidfeltet, til området ved "den gamle campingplassen". Det er meldt strålande vårver og Astrid K. Prestbø og Helga Rimmereid håpar mange vert med på turen og at folk tar med seg anna niste enn grillmat og rå egg. Skal ein eta påskeegg denne dagen må ein koka dei heime på førehand. Skogstreffet startar klokka halv elleve og det vert hengt opp ballongar langs stien frå parkeringsplassen slik at alle skal finna fram. Lurer du  på noko eller treng hjelp med noko så ta kontakt med Astrid, Helga eller Shyamali.

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...

Torstein med «Team Yaristan» til Mongoli…

13.07.2018 Kjetil Rydland

Torstein Søreide Skogedal og kameratane Ludvig Nielsen og Sven Hove ved avreisa frå Oslo i dag. Foto: Privat. Torstein med «Team Yaristan» til Mongolia! Saman med to kompisar sette Torstein Søreide Skogedal...

Les meir ...
annonse
annonse

Skittsak for Kulturhuset!

13.07.2018 Kjetil Rydland

Midt i foajeen til Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde kyrne gjort ifrå seg i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Skittsak for Kulturhuset! Fredag føremiddag kom kyr seg inn i Fitjar kultur- og idrettsbygg og...

Les meir ...

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No…

12.07.2018 Jonas Sætre

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No ser eg veldig lyst på framtida og på livet For snart to år sidan fekk Karina Haaland frå Fitjar beskjeden om at ho fekk...

Les meir ...

Hurtigbåt til Tysnesfest

11.07.2018 Kjetil Rydland

Til helga kan du reisa på Tysnesfest, fram og tilbake, med snøggbåt. Foto: Tysnesfest Hurtigbåt til Tysnesfest Førstkomande laurdag går det snøggbåt frå Leirvik, Rubbestadneset og Fitjar til Våge i høve Tysnesfest.

Les meir ...
annonse

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...
annonse