Laurdag 20. Januar 2018


Kokte smilande, gule påskeegg

Det var god stemning og mange smil å sjå då søndagsskulen inviterte til påskeegg-koking måndag føremiddag.

Over seksti små og store møtte opp då søndagsskulen inviterte til tradisjonell 2. påskedagssamling i Breiavikjo. Det var påskequiz i skogen, koking av egg, grilling av pølser og anna, det var slak line, bocca, fotball, kubbespel, bursdagssong, avslapping i sola og mykje plasking med vatn.

Storavatnet såg framleis ut som det var dekka av tjukk is, men issmeltinga går fort så seint på våren og synet kan bedra, og det var langt frå trygt å bevega seg utpå. Men det var heller ikkje råd å padla i kano slik dei eldste søndagsskuleungane hadde håpa på å gjera. Men uansett smilte både små og store om kapp med sola og naut fellesskapet, varmen i solstrålane og ein siste rest av påskeferie. 

Dette var 12. gong Fitjar søndagsskule inviterte til påskeegg-koking, og dette er berre ein av mange kjekke søndagsskule-tradisjonar som skjer gjennom året, kunne dei eldste søndagsskuleungane fortelja.

Kopi av 20130401 paaskeeggkokin HR1

Olga Vestbøstad storkoste seg med grilling av pølser.

Kopi av 20130401 paaskeeggkokin HR6

Mange små og store koste seg i Breiavikjo.

Kopi av 20130401 paaskeeggkokin HR3

Chris Andre Helland koste seg med pølsa i brød og å leika i sanden.

Kopi av 20130401 paaskeeggkokin HR2

Hanna Vestbøstad var ei av mange som nytta høvet til å prøva å gå på slak line.

Kopi av 20130401 paaskeeggkokin HR4

Mykje kjekt å finna på på stranda.

Kopi av 20130401 paaskeeggkokin HR5

Sjå kor flott den kokte eggeplomma mi ser ut, den må du ta bilete av, sa ein av gutane.

Kopi av 20130401 paaskeeggkokin HR7

Tida i Breiavikjo er på hell og Birgitte S. Rydland testar ut om støvlane kan fungera som bøtta...

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...
annonse
annonse

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholm…

15.01.2018 Jonas Sætre

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholmen innan fristen Sjølv om leigeforholdet med Fitjar kommune gjekk ut ved nyttår har dei frivillige endå ikkje rydda ut av den kulturhistoriske eigedomen.

Les meir ...

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...
annonse

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...