Sundag 22. April 2018


Høgtidsstemd påskefest i kyrkja

Den festprega påskedagsgudstenesta i Fitjar kyrkje starta overraskande med lyden av pauke og vart avslutta med god allsong på kyrkjebakken.

Med pauke, kor, messingblåsarar, barnedåp og mykje folk vart det ei flott og høgtidsstemd gudsteneste i Fitjar kyrkje 1. påskedag. 

Kyrkja var fint pynta med den kvite liturgiske fargen for fest og glede. Barneteikningar pryda veggane. Alteret var pynta med kvite liljer, påskeliljer og lys. Det var så godt som fullt i kyrkja, og då Steinar Vik starta festen med paukevirvel, var det reint som forsamlinga hoppa i benkradene av overrasking før høgtida tok dei då høgtidskoret stemde i "Som den gylne sol frembryter". Med det var festen verkeleg i gang, både for dåpsfylgjet som bar vesle Silas Aarbø Olsen til dåpen og resten av festlyden som bestod både av ferierande påskegjester og ein stor flokk tilhøyrande den lokale kyrkjelyden. 

Sjølv om Fitjar kyrkjelyd er kjend for å alltid ha svært god allsong er det ekstra stas med forsongarar på slike festgudstenester. I dag var det Silje og Oda Rydland som leia forsamlinga i påskesongane. Tonefylgje av messingblåsarar, i tillegg til orgel, var og med på å løfta gudstenesta. På orgelkrakken sat vikarorganist Audun Instefjord frå Austevoll. 

Både kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu og sokneprest Olav Johannes Oma deltok på gudstenesta. Sistnemnde stod for preika og snakka om sorga som vart vendt til glede på første påskedag.

Gudstenesta vart avslutta på kyrkjebakken der forsamlinga let påskesalmen "Krist stod opp av døde" runga utover kyrkjegarden og bygda, som låg bada i solskin.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hoggorm på Engesund Visningssenter!

21.04.2018 Kjetil Rydland

Sjeldan gjest på merdkanten i Engesund. Foto: Goff Artsamai. Hoggorm på Engesund Visningssenter! Fredag morgon dukka det opp ein ubeden og svært sjeldan gjest på  Engesund Visningssenter i Fitjarøyane, då ein hoggorm brått sat...

Les meir ...

Bremnesingane blei altfor sterke for A-l…

21.04.2018 Kjetil Rydland

Fitjar nede for teljing med null poeng etter tre kampar. Foto: Kjetil Rydland. Bremnesingane blei altfor sterke for A-laget Trass ei tidleg leiing ved Daniel Skarpnes viste Fitjar-gutane seg altfor veike og...

Les meir ...

Første vigsla for ordføraren

20.04.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med brurparet Malene Løklingholm Leivestad og Morten Bauge Torland. Foto: Kjetil Rydland.   Første vigsla for ordføraren Fredag fekk ordførar Wenche Tislevoll sin elddåp då ho vigde Morten Bauge Torland (31)...

Les meir ...
annonse

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...

Carfix med utleigebil til kundane

19.04.2018 Kjetil Rydland

Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland.  Carfix med utleigebil til kundane Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna...

Les meir ...

Fjord1 med ny nettside

19.04.2018 Kjetil Rydland

MF "Vågsøy" går i sambandet Sandvikvåg-Husavik. Foto: FP-arkiv/KR.  Fjord1 med ny nettside Ferjeselskapet Fjord1 lanserer ny nettside med eit heilt nytt visuelt inntrykk. 

Les meir ...
annonse

Marie 9 år

22.04.2018 Kjetil Rydland

 Marie fyller ni år i dag! Marie 9 år Gratulerer så masse med 9-årsdagen søndag 22.04! 

Les meir ...
annonse