Fredag 27. April 2018


Svevande hopp og flott dans

Elevane på 6. og 7. trinn på Rimbareid skule avslutta parkour- og danseprosjektet sitt med ei flott framsyning i gymnastikksalen på Rimbareid skule måndag ettermiddag.

Først ute på framsyninga var 7. klassingane som har hatt parkourundervising med parkourlærar Gareth Whittaker. Dei synte elegante forseringar av tillaga hinder og mange flotte og spenstige hopp. På vegne av alle 7. klassingane takka Rea Mitrovic den flinke læraren dei har hatt. "Det har vore så utruleg kjekt, me har lært så masse og du har fått oss til å bli meir tolmodige", sa Rea før ho gav Garath ein velfortent blomebukett.

Så var det dansarane i 6. klasse sin tur til å ta over "scenen". Til tonane av Thriller dansa dei rytmisk og flott i ulike formasjonar, og det var mykje danseglede å spora i rekkene. "Nokon grudde seg og nokon gledde seg då me skulle ta til med danseundervisinga. Men det er kjekt å prøva nye ting", sa Kaia Rydland før ho på vegne av alle 6. klassingane takka danselærar Jorunn G. Whittaker med ein blomebukett.  

Parkour og dans er ein del av padafiko-prosjektet, som er eit samarbeid mellom skulen og kulturskulen for å styrkja dei praktisk estetiske faga i skulen. Siste blomebukett gjekk til kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen, "Du er flink og dette hadde ikkje blitt til utan deg", var rektor ved Rimbareid skule, Siv Grethe Stamnes,  si helsing til kulturskulerektoren.

Omkring 70 frammøtte fekk med seg den flotte oppvisinga, som tidlegare på dagen hadde vore synt for alle barneskuleelevane på Rimbareid skule.

Neste padafikoprosjekt som kjem på timeplanen på Rimbareid er 2. klasse som skal få læra å spela mini-kornett etter påske. 

 

 

 

 

 

 

 

 

Releasekonsert med Ole André Westerheim

25.04.2018 Kjetil Rydland

Ole André Westerheim med den nye plata si, «Utanfor alt». Foto: Kjetil Rydland.  Releasekonsert med Ole André Westerheim Førstkomande laurdag blir det konsert med Ole André Westerheim på Arena på Stord. Med på...

Les meir ...

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag

25.04.2018 Harald Johan Sandvik

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag Atle Tornes overrekte kommunen sitt stempel til Olaug Haugen.

Les meir ...

Takk for maten!

25.04.2018 Kjetil Rydland

Eva Fjeldstad med "Takk for maten! Boka som tarmen din har ventet på".  Takk for maten! Førstkomande fredag vil Eva Fjeldstad halda foredrag i Fitjar kultur- og idrettsbygg om boka si, “Takk...

Les meir ...
annonse

Kulturskulekonsert på Rimbareid skule

25.04.2018 Kjetil Rydland

Populære lærarar i Fitjar kulturskule, f.v. Ole André Westerheim, rektor Håvard Kroka, Jone Foldøy Grutle og Rune Nesse. Foto: Kjetil Rydland.  Kulturskulekonsert på Rimbareid skule Ein stor del av ungdommane i Fitjar...

Les meir ...

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar…

25.04.2018 Jonas Sætre

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar kommune Ein revisjon frå Deloitte syner at Fitjar kommune har store manglar i måten dei handsamar sensitive personopplysningar på.

Les meir ...

Bremnesingane var litt for sterke

24.04.2018 Kjetil Rydland

Jens Ragnar Helland scora det einaste målet for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Bremnesingane var litt for sterke Bremnes 2 vann 4-1 over Fitjar i ein kamp i 13-årsklassen på kunstgraset vårt i...

Les meir ...
annonse

– Stress er ikkje farleg!

26.04.2018 Kjetil Rydland

Her trødde Bjarte Stubhaug sine barnesko, i vår er han tilbake med stressmeistring for elevane på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland. – Stress er ikkje farleg! Rimbareid skule har dette semesteret hatt...

Les meir ...
annonse