Laurdag 21. Juli 2018


Basartid

I løpet av den neste veka vert det basar både på Fitjar bu- og behandlingssenter, på Havnahuset, på Fitjar bedehus og på Fitjar vidaregåande skule, og det bugnar av flotte gevinstar.

Først ute er Havnahuset, der det vert arrangert basar 13. mars til inntekt for trivselstiltak for bebuarane der.

Same dag inviterer Normisjon til basar på Fitjar bedehus. Der vert det loddsal, andakt og enkel servering, og inntekta frå basaren går til eit skuleprosjekt i Ecuador.

Laurdag 16. mars er det basar på Osternes bedehus. Arrangør er Osternes indremisjon si kvinneforeining og det ver andakt ved barne-og familiearbeidar Lise Marie Litlabø.

Onsdag 20. mars er det basarkomiteen ved Fitjar bu- og behandlingssenter som inviterer til basar. Gevinstbordet som står utstilt på senteret vitnar om mange flotte gevinstar, både av det heimeproduserte og det kjøpte slaget. Her er mykje flott for ein kvar smak, og noko som passar for både små og for store. Inntekta frå basaren skal gå til "Sansehagen" og andre tiltak for bebuarane på senteret. I tillegg til utlodding vert det her servering av kaker og kaffi og det vert musikkinnslag ved Iwona Chrapko og dottera.

Dagen etter inviterer barne- og ungdomsarbeidarklassen ved Fitjar vidaregåande skule til basar i kantina på skulen. Her vert det sal av kaker, kaffi og lodd, og pengane som kjem inn skal gå til Ukraina-prosjektet.

 

 

 

 

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...
annonse
annonse

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...
annonse

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...
annonse