Både gler og kvir seg

Ørjan gjekk greit vidare til dei 40 beste i Idol - og no startar Idolsirkuset for fullt.

Men på fredag er det på `an igjen, og no kjenner han presset meir enn tidlegare, sjølv om han ikkje stressar. - Men eg må nok innrømma at eg er litt nervøs, og på ein måte både gler og kvir eg meg, seier han til Fitjarposten. På fredag skal han syngje ”Birthright” av A-ha, ein song han sjølv har plukka ut, og hatt høve til å øva på. - Eg skal framføra den med piano og gitar, og trur det skal gå greitt, smiler han.

Og me gjev han gode sjansar. Med ein fanliste på rundt 600 med folk frå heile landet som vil gjera det dei kan for at han skal gå vidare, og med fitjarfolk og folkehøgskuleelevar som truleg vil stemma på han kvar og ein; har me god tru på at han vert ein av dei to som går vidare til finalen etter Idolrunden på fredag.

Me ønskjer all muleg lukke til!!

Les også:
Vil ikke være sexy (ba.no 10.02.06)
Trekantthriller i Idol (sol.no 09.10.06)

Besøk gjerne vår fanside for Ørjan Hatlevik:
www.orjanhatlevik.com