Fitjarsokkar til Kashmir

Med Ellen Karoline Hovstad i spissen sende glade misjonærkvinner frå Fitjar over 300 par nystrikka ullsokkar til til trengjande i Kashmir.

I ein reportasje i Dagen 2. januar i år, der mellom anna statsminister Stoltenberg vitja dei overlevande i fjellandsbyen Mang i Pakistan, kom Nødhjelpskoordinatoren i Kirkens Nødhjelp, Anne Angeltveit med følgjande oppmoding: ” For ein del år sidan kom det ut ei

Bok med tittelen ”Ullstrømper til Afrika”. Tittelen viste til alle misjonskvinnene som strikker til inntekt for misjonen. No er det igjen behov for ullstrømper. Kanskje kan misjonskvinnene igjen ta eit tak og strikke til kalde barneføter i Nord- Pakistan ?

Dette tok tak i Ellen Karoline Hovstad som fekk kunngjort idèen i Fitjar kyrkje søndag 15. januar. Så begynte snøballen å rulle, og strikkepinnene å dansa. Mange heiv seg på og sende sms til andre at dei måtte gjera det same. Og resultatet: Nyleg kunne Ellen og andre glade misjonskvinner sende over 300 par nystrikka ullsokkar til born, og vaksne, som verkeleg har bruk for denne ullvarmen.