Startar Tentreff

Som dei yngste i styret er ungdomsskuleelevane Synnøve Aarskog og Martin Hageberg med på å starte eit heilt nytt ungdomsopplegg i Fitjar bedehus; i det ein no startar opp med Ten Treff.

Første samling er laurdag 28. januar, og ungdomane lover kristen formidling med ”trøkk i ” og mange spennande aktivitetar. Eit eige band som av ungdomsskulelevar vil òg trå til under desse samlingane i ungdommeleg stil.

– Det er kjempebra at me får disponere heile huset på desse samlingane. Det gjev oss mange spennande mogelegheiter med omsyn tilmatlaging og aktivitetar, pluss at det blir ein heilt anna fart i musikken når me kan bruka mikrofonar, seier Synnøve og Martin, som begge gler seg stort til starten.

Med seg i styret har dei elles Solfrid Torvund, Terje Eiken, Hilde Hartvedt og Nina Aarbø.