Tomlane opp for Ørjan

I-Me er imponerte, og trur at Ørjan kan bli blant dei fem beste, og kanskje gå heilt til topps. Det seier brørne til Ørjan, Espen (19) og Andrè (16).

Espen er som Ørjan, ein svært dyktig songar. Han går for tida på Rauma folkehøgskole, og gav nyleg ut ein inter-CD saman med vener på folkehøgskolen. Ein produksjon der han både syng og spelar gitar. Mellom anna finn me ein utruleg fin versjon av ”More than words” på denne skiva, der Espen syng både første og andre vocal.

-No unner han broren all suksessen i Idol. -Eg har alltid visst at han var god til å syngja, og at dersom han berre kom seg til å melda seg på, ville han gjera det bra i Idol, seier han og kan fortelja at Ørjan og han ofte har sete seg spontant ned og sunge saman på heimebasis. Men under opninga av det nye Kulturbygget i Fitjar i september, kan det vera at ein får høyra dei syngja i lag, saman med bandet til Espen ”FenderBender” - om planane går i orden.

- Kjem du og til å melda deg på Idol ?

- Nei, eg er redd eg er litt for pysete til det, smiler han.
Nokon særleg trong for å framheva seg sjølv, har dei ikkje nokon av desse gutane.

Andrè opplever at Ørjan mest har gjort det umogelege, og er utruleg stolt av eldstebroren.

-Eg hadde aldri trudd at han hadde kome så langt, men no trur eg at han vinn, smiler han, og gler seg til Ørjan kjem heimom. Den gode stemma har han òg arva, men akkurat no er han midt i stemmeskiftet.