Vidare i Idol

Fredag 20. januar kunne me sjå Fitjarbuen Ørjan Hatlevik synga seg vidare med songen ’Time of your life’ i årets IDOL på TV2. Det var tydeleg at juryen likte det dei høyrde og såg. Han fekk mellom anna høyra at han hadde ein nydeleg stemme som det var mykje tone og musikk i - at han hadde litt å gå på i trua på si eiga opptreden, fekk han også høyra, men det trudde dei han ville fiksa etter kvart. Juryformann Tone-Lise Skagefoss avslutta med å sei at ho syntes det var så bra at ho berre hadde lyst til å senda han rett vidare. Dermed var Ørjan vidare i Idol. Me i Fitjarposten ønskjer han lykke til vidare!