Deilig er jorden

og prektig er Guds Himmel, fekk familie og venner både høyra og kjenna på då 32 av kulturskulen sine mange stjerner skein på den  musikalske adventshimmelen i foajeen på Rimbareid skule.

Kulturskulen inviterte til julesjokoladekonsert og foajeen var fullsett av eit entusiastisk publikum som sat klar med kamera og mobilar i det Susanne Sørfonn slo an tonen med Bjelleklang på piano. Så kom det flotte julesongar, som perler på ei snor. Ein god, varm og intim konsert, spekka med julestemning formidla av elevar på piano, song, fløyte, fiolin og gitar. 

Tonar frå gamle adventsprogram  som Skomakergata og Portveien 2 brakte fram minner om barndomens adventsstemning hos foreldregenerasjonen. Besteforeldregenerasjonen, og andre, kunne gle seg over mange tradisjonsrike julesongar som Et barn er født i Betlehem, Nå tennes tusen julelys og Glade jul med fleire. Høgdepunktet for alle må seiast å vera gitarvenene si nydelege, vare, klare framføring av den tidlause Deilig er jorden. Ekstra kjekt var det å få vera ein del av det fargerike publikumskoret å få syngja med på eit vers av denne kjende og kjære julesongen. 

Samspelgruppa med Tor Håkon Aarbø på piano, Olga Vestbøstad på fløyte og Thea Træet på song, alle 7. klassingar, stod for noko av den nyaste julemusikken. Dei framførde det krevjande stykket Let it go frå Disneyfilmen Frost på ein framragande måte. Ei stor jente-songgruppe tok, saman med gitarvenene, oss med til eit av dei nyare adventsprogramma, Jul i svingen.

Ein svært kjekk, variert og passe lang julekonsert der me fekk oppleva mykje av det som spirer og gror i kulturskulen for tida. Det gror godt, og kamera og mobilar var flittig i bruk for å foreviga mange store øyeblikk.  Frå utsida sørgde naturen sjølv for eit kraftig blitzregn over alle dei unge stjernene.  Det heile vart humoristisk og flott avslutta med ein duett av Thea Træet og Mari Hatlevik. Med flotte røyster og stor innleving framførde dei Jeg så mamma kysse nissen jeg og Santa Claus.

Kulturskule-elevar og -lærarar som deltok på julesjokoladekonserten. Foto: Helga Rimmereid
Elevar og lærarar som deltok på kulturskulen sin julesjokoladekonsert. Foto: Helga Rimmereid

Ingressbilete: Gitarvenene Ole Andre Stokken , Romante Zemgulite, Håvard Fitjar, Sveinung Myhre og Tor Håkon Aarbø framførde stjernenummeret Deilig er jorden saman med gitarlærar Jonas S. Olsen. Foto: Helga Rimmereid