Lys vakne

20 6. klassingar overnatta i kyrkja natt til andre søndag i advent, under mottoet Lys vaken, og for nokre gjaldt dette bokstaveleg tala nesten heile natta.

Arrangementet vart avslutta med Lys vaken-gudsteneste søndag føremiddag. 6. klassingane hadde då budd i kyrkja sidan laurdag ettermiddag. Dei hadde kost seg med bibelforteljingar, leikar, sosialt samvær, førebuing til gudsteneste, festmiddag, filmkveld, overnatting på flatsenger i kyrkjerommet og ete frukost i kyrkjestova. Sjølv om nokon tok temaet nærast bokstaveleg ved å sova minimalt, så var det først og fremst meint som ei oppmuntring til å vera lys vaken for det som skjer rundt ein. Vera lys vaken for kvarandre, for Gud og for seg sjølv. 

Det var kyrkjelydspedagog Birgitte D. Brenne og kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu som stod for LysVaken, som er eit av mange trusopplæringstiltak i Fitjar kyrkje. Men dei hadde ikkje klart seg utan den gode hjelpa dei fekk frå dei fem ungdomane som var med som leiarar.

LysVaken-deltakarane var med å prega søndags-gudstenesta på ein svært positiv måte, ved å styra lyd og bilete, syna drama og ikkje minst med flott song!

Augo var noko smale på 6. klassingane då dei pakka saman bagasjen og forlèt kyrkja etter kyrkjekaffien i halv eitt-tida, men dei let vel og ville gjerne anbefala arrangementet for dei som går i 5. klasse og som kjem til å få invitasjon til LysVaken når dei kjem i 6. klasse. 

Ingressbilete: LysVaken-deltakarane framførde LysVaken-songen med stor iver under gudstenesta søndag føremiddag. Foto: Helga Rimmereid