Lysmesse i kyrkja

44 konfirmantar, ein dåpsfamilie og ei fullsett kyrkje innleia adventstida med lysmesse med dåp søndag kveld. 

Dei 44 konfirmantane som no snart er halvferdige med si konfirmantundervising fylte den dunkle kyrkja med levande lys. Ei flott symbolsk handling i denne mørkaste tida. Det vart og sunge om lys, og sokneprest Olav J. Oma minna konfirmantane og dei andre frammøtte om at for at flammen skal kunna brenna treng den oksygen, oksygen er mat for flammen. Om ein samanliknar trua med ein flamme så fungerer fellesskapet og ordet ein får i gudstenesta som oksygen for trus-flammen, livet i kyrkjelyden er mat for trua.

Konfirmantane deltok med song under gudstenesta. Dei stilte opp framme i koret og framførde det første verset av adventssalmen "Opp, gledest alle" på melodien til Odd Nordstoga.

Vesle, flotte Eva vart døypt i starten av gudstenesta, og med det såg ein kanksje ekstra godt samanhengen mellom det kvitkledde dåpsbarnet og dei kvitkledde konfirmantane. Og som presten sa så har dei fleste konfirmantane blitt båre inn i kyrkja på same måte som vesle Eva, og slik blitt innlemma i den kristne kyrkja.

Ingressbilete: Konfirmantane starta gudstenesta med å bera lys fram til lysgloben som står framme i koret i  kyrkja. Foto: Kjetil Rydland