Onsdag 24. Januar 2018


Til topps i Bømloblåsen

Fitjar skulekorps vann korpskonkurransen Bømloblåsen i dag og reiste heim med både vinnerpokal, solistpris og napp i vandrepokalen.

Det var ein strålande fornøgd korpsgjeng som etter ein intens øvingsperiode fekk god lønn for strevet under korpskonkurransen i Bømlo kulturhus på Svortland laurdag ettermiddag. Etter mykje hardt  arbeid dei siste vekene smakte det godt med siger, og sjølv om arrangørane Bømlo janitsjar seier at dette er ein "venskapeleg tvekamp" var det litt ekstra stas for korpsgjengen frå Fitjar å slå naboane i sør. Ekstra stas var det og med eit napp i den digre vandrepokalen og solistpris til Guro Rimmereid på flygelhorn. Som meldar slår det meg at dette er repetisjon av korpskonkurransen Sotrafestivalen 2011 der korpset og reiste heim med tre pokalar. 

Bømloblåsen hadde 25-årsjubileum i år, men Fitjar skulekorps har ikkje vore med sidan ein gong på 90-talet, under Ole Christian Ottestad si leiing.. I denne konkurransen er ein ikkje inndelt i klassar eller divisjonar og alle deltek på lik linje. Sju korps var med i år og ein fekk poeng for både framføring og for repertoar.  Fitjar skulekorps var nummer fem på scenen og både dirigenten, korpsmusikantane og supportergruppa hadde ei god kjensle etter framføringa. Dei 38 musikantane, inkludert ein vikar på slagverk, hadde som vanleg levert opp mot sitt beste og langt betre enn på generalprøven. Mot slutten av festkonserten, der arrangørane sjølv stod for det musikalske programmet, var det premieutdeling. Då synte det seg at korpset ikkje berre hadde spelt bra, men vart vurdert som aller best, og jubelen kunne verkeleg bryta laus.  Det var tett i teten med berre eitt poeng som skilde dei tre topp-plasseringane. Rubbestadnes, Svortland og Meling samarbeidskorps, som kom på andre plass, og Fitjar skulekorps fekk begge 8 poeng av totalt 10 moglege for repertoaret. Fitjar skulekorps håva med sine 94 poeng inn eitt poeng meir enn naboane i vest for den musikalske framføringa og kom det øvst på pallen.

Domarar var Karl Ole Midtbø og Per Olav Paulsen. Det å få domarane sine kommentarar på framføringa er ein viktig del av det å delta i konkurransar og å utvikla seg vidare. I sine kommentarar til Fitjar skulekorps skreiv domarane at det var kjekt å høyra på korpset som har fin balanse og fint trøkk, flott driv og fin atmosfære i musikken. Av positive ting trakk dei vidare fram fin og homogen klang, god dynamikk og nydeleg kornettsolo (Ingvild Prestbø). Bassrekkja fekk ekstra skryt, det same fekk althorngruppa og basstrombonist Helga J. Raunholm. Det vanka og ekstra ros til slagverkgruppa, samtidig som det vart sagt at dei tidvis vart litt for sterke. Korpset fekk denne gongen ekstra skryt for kjempebra intonasjon i stykke nummer to. Dette er ekstra flott med tanke på den lave gjennomsnittsalderen i korpset, og ser ein på tidlegare tilbakemeldingar tyder det på at det jamne målretta arbeidet på området har gjeve tydeleg resultat. Likevel kan ein bli endå betre på dette og i samband med det neste nummeret peikte dommarane på litt "gruff" i intonasjonen i den store kornettgruppa. Ein ekstra bravo gjekk til Guro Rimmereid på flygelhorn for hennar flotte, trygge solo på stykket Meeting of the Waters av Richard Rock. Konklusjonen var eit flott korps med mange flinke musikarar. 

Mange foreldre og nokre søsken hadde teke turen til Bømlo denne regnversdagen for å støtta korpset. Både foreldra og musikantane verka svært nøgde med heile konkurranse-arrangementet. Kjekt, nært, "komprimert", roleg og godt organisert, og svært gode kaker i kafeen var noko av det som kom fram etterpå. 

-Ein heilt grei dag, smilte musikantane og dirigent Svein Roger Koppang i det dei stima ut dørene; vinnarpokal i bagasjen og rekk heim til laurdagspizzaen. Det kan knapt bli betre for musikantane og supportergjengen til Fitjar skulekorps.

Ingressbilete: Guro Rimmereid med solistprisen, Olga Vestbøstad med vandrepokalen og tillitsvalt i korpset Ingvild Prestbø med vinnarpokalen. Foto: Helga Rimmereid

VM-bronse til Onar

22.01.2018 Kjetil Rydland

Brørne Harald og Onar Westerheim på skeisebanen i Baselga. Foto: Privat.  VM-bronse til Onar Westerheim-brørne Onar og Harald Westerheim gjorde ein sterk innsats under skeise-VM for veteranar i Italia, og Onar sikra...

Les meir ...

Meiner ølbryggeriet på Fitjar bryt forbo…

22.01.2018 Jonas Sætre

Meiner ølbryggeriet på Fitjar bryt forbodet mot alkoholreklame Fitjar kommune meiner ølbryggeriet En Liten Øl publiserer ulovleg alkoholreklame på Facebook.

Les meir ...

Marius Pedersen vann Norna-lekene på kna…

22.01.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen, friidrettsgut i rivande utvikling, vann Norna-lekene suverent. Foto: FP-arkiv/Kjetil Rydland. Marius Pedersen vann Norna-lekene på knalltid! Under Norna-lekene i Åsane i helga vann Marius Pedersen både lengde og 60 meter...

Les meir ...
annonse

Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal

22.01.2018 Kjetil Rydland

Ailin Vik med premien for årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal 2017. Foto: Ole Vidar Helland, Fitjar Racing Team.  Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal Under årsmøtet til NMK Vikedal i helga blei...

Les meir ...

Full fest med Vassendgutane

21.01.2018 Kjetil Rydland

Vokalist og bassgitarist Sindre Aam var i storform på Fitjar i går kveld. Foto: Kjetil Rydland.  Full fest med Vassendgutane Vassendgutane var i storform i går kveld og trekte heile 750 festglade...

Les meir ...

Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...
annonse

Feirar 70-årsdagen med konsert

23.01.2018 Kjetil Rydland

Herman Inge Aadland, ein sprek 70-åring. Foto: Privat. Feirar 70-årsdagen med konsert Gamlepresten i Fitjar, Herman Inge Aadland, inviterer til open bursdagskonsert i Fitjar kyrkje laurdag 27. januar kl. 14.00. 

Les meir ...