Sundag 22. April 2018


Sjokoladekonsert i amfiet

Mange musikktalent var i sving under kulturskulen sin sjokoladekonsert i amfiet på Rimbareid skule torsdag før haustferien.

Tidlegare vart desse litt mindre og uformelle konsertane til kulturskulen kalla foajekonsertar og fann stad i foajeen i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Etter at nye Rimbareid skule vart opna og kulturskulen flytta inn i nye lokaler der vart småkonsertane flytta til den nye, flotte foajen på skule og omdøypt til sjokoladekonsertar. 21 av kulturskulen sine over 150 elevar deltok  på konserten og hausta velfortent applaus og ein sjokoladebit etter endte framføringar. 

Pianoelev Maria Båtstad opna konserten trygt og sikkert med stykket "På tur med hundene". Vidare fekk me høyar pianoelevane Tori Vestbøstad, Gabriel Kannelønning, Andreas Vestbøstad, Nore Marie Hellesund og Sofie Rimmereid. Alle lovande pianistar som var godt førebudde og gledde publikum med taktfaste pianotonar og rørande framføringar.

Orlaug K. Evensen som er pianolærar i kulturskulen underviser og i fiolin. Under sjokoladekonserten fekk me høyra 10-årige Eirin M. Oma, som har spelt fiolin i vel 3 år, med ei nydeleg framføring av "Det vacraste". Andre fiolinelevar med sikker bogeføring denne kvelden var Nina Chrapko, Kaia Grimen, Christina Båtstad og Hanna Båtstad. Fiolin er kanskje det aller vanskelegaste instrumentet å spela på og det var flott å høyra kor godt dei unge fiolinistane meistra instrumenta sine.  

Kulturskulerektor Anne Lene Østvold Jordåen underviser sjølv i fløyte og hadde denne kvelden fem av sine elevar med på konserten. Vilde Heggøy tok oss med på togtur, Eline Stokken og Hanna Lovise Vestbøstad spelte duett og Live Bukkholm Stegane framførde Ta livet som det faller seg. Den mest erfarne fløytisten av dei alle, Olga Vestbøstad, hadde ei nydeleg framføring av Ballade til Egil, der tonane smaug seg inn som balsam for sjela hos publikum i amfitrappa. 

Godt for øyra og sjela var det og å lytta til songduoen Emilie Skram Isdal og Martine Pedersen Korsvik som song All of me. Dei var meir samsungne enn nokon gong før og med godt gitarakkompagnement av læraren var dette det klart beste me har høyrt av dei.

11-åringen Håvard Fitjar har fått gitarundervising i kulturskulen i mange år allereie og det var ei lyst å høyra han spela Baka ein stein av Hellbillies saman med lærar-Jonas. Det ligg nok mykje øving og fingertrening bak den flotte og sikre  framføringa.

Haustkonserten vart avslutta med fløyteelev Weronika Chrapko som først spelte ein Duett saman med mamma Chrapko på fiolin og så til slutt Gje meg handa di ven, akkompagnert av mamma på piano. Nydelege fløytetonar å avslutta ein rørande og flotte konsert med.

Ingressbilete: Kaia Grimen framførde Fola Blakken på fiolin, akkompagnert av fiolinlærar Orlaug K. Evensen på piano. Foto: Helga Rimmereid

Sjokoladekonsert.
Utdeling av velfortent sjokolade til dei unge songarane og musikarane etter at konserten var ferdig. Foto: Helga Rimmereid

Første vigsla for ordføraren

20.04.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med brurparet Malene Løklingholm Leivestad og Morten Bauge Torland. Foto: Kjetil Rydland.   Første vigsla for ordføraren Fredag fekk ordførar Wenche Tislevoll sin elddåp då ho vigde Morten Bauge Torland (31)...

Les meir ...

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...

Carfix med utleigebil til kundane

19.04.2018 Kjetil Rydland

Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland.  Carfix med utleigebil til kundane Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna...

Les meir ...
annonse

Fjord1 med ny nettside

19.04.2018 Kjetil Rydland

MF "Vågsøy" går i sambandet Sandvikvåg-Husavik. Foto: FP-arkiv/KR.  Fjord1 med ny nettside Ferjeselskapet Fjord1 lanserer ny nettside med eit heilt nytt visuelt inntrykk. 

Les meir ...

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestival…

19.04.2018 Harald Johan Sandvik

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestivalen Styreleiar Inger Elin Helland orienterte formannskapet i Fitjar om den niande utgåva av Fitjarfestivalen.

Les meir ...

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass

18.04.2018 Harald Johan Sandvik

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass Olaug Haugen er ny rådmann i Fitjar. Foto: Harald Johan Sandvik Påtroppande rådmann Olaug Haugen var med på sitt første politiske møte i Fitjar...

Les meir ...
annonse

Bremnesingane blei altfor sterke for A-l…

21.04.2018 Kjetil Rydland

Fitjar nede for teljing med null poeng etter tre kampar. Foto: Kjetil Rydland. Bremnesingane blei altfor sterke for A-laget Trass ei tidleg leiing ved Daniel Skarpnes viste Fitjar-gutane seg altfor veike og...

Les meir ...
annonse