Gudsteneste med dåp på kaien

Over 250 stykke feira gudsteneste og dåp i teltet på Larsenkaien søndag føremiddag.

Det var stu fullt i "revy-teltet" på kaien då klokka ringde inn til gudsteneste i samband med Fitjarfestivalen søndag føremiddag. Dei som ikkje fekk plass innanfor teltduken rigga seg til på utsida, og med godt lydanlegg fekk alle med seg både det som vart tala og sunge. At teltet framleis var på plass etter stormnatta var for mange eit under. Eit under teke hand om av ein dugnadsgjeng som først rigga teltet ned laurdag ettermiddag og så rigga det opp att tidleg søndag morgon.
-Takk at de ordna kyrkje til oss på kaien, helsa sokneprest Olav Johannes Oma dei "usynlege" arbeidarane, og så vart det feira gudsteneste i sjøkanten i det midlertidige kyrkjehuset, med blafrande talgaljos og teltveggar.

Det smilande dåpsbarnet, og heile hans festpynta fylgje, skapte ei ekstra feststemning over gudstenestefeiringa. Det same gjorde den fantastiske songen og musikken frå Fitjar ad hoc. Det var ei fryd å lytta til dei og det var ei stor glede å vera med i allsongen under deira leiing. At mange var samde i det kunne ein høyra på gleda og styrken i allsongen og alle komplimentane musikarane og songarane fekk etterpå.

Denne 9. søndagen i treeiningstida var det Jesu ord om å koma til han med dei tunge børene som var tema. Olav J. Oma la i preika si vekt på at dei Jesus ber koma til seg er dei som slit, noko han rekna med alle gjer. Han peika på at Jesus vil ha deg slik du er, og at Jesus bar sjølv den tyngste børa, for oss.

Etter ein knapp time i teltet vart kyrkjelyden sendt ut og heim med orda frå  Eirik Byes Hildringstimen, nydeleg framført av Martin Hatlevik. Så sprang ungane i full fart rett til fiskekaret, dei vaksne rusla roleg ut og slo av ein prat her og der, og blomar og hav vart signa med restane av dåpsvatnet.

Ingressbilete: Dåpsbarnet Lars Eivind Instefjord Gilje, omkransa av prest, klokkar, foreldre og fadrar, vert presentert for kyrkjelyden. Foto: Helga Rimmereid