Fitjarbu gir ut plate

I sommar har fitjarbuen Lars Jacob Eide Helland gitt ut singelplate saman med bandet sitt, "Folty Loft".

Han er solist og spelar gitar i bandet "Folty Loft", som består av fire unge menn, Lars Jacob Eide Helland, Ola Rui Nygard, Fredrik Bjerkeli og Theodor Ikonomou. Dei fire gutane møttest på Høgskolen i Oslo  og Akershus, der Lars Jacob har utdanna seg til lærar. "Loft" er danna av første bokstav i førenamna deira.

Den 25. juni blei det halde releasekonsert på Verkstedet Bar i Oslo. Singelplata har tittelen "The summer". Dette er ein roleg og fin pop-rock-låt som kan høyrast av både ungdom og litt meir tilårskomne.

Noko fitjarposten kan bekrefta etter å ha høyrt låten på spotify. Musikken kan lastast ned både på wimp, iTunes og spotify. Linkar til desse musikkstadene på nettet finn du på Facebook-sida til "Folty Loft".

Lars Jaccob fortel til Fitjarposten at dei fire gutane framleis held til i Oslo. Her øver dei ein gong i veka, og til hausten kjem dei ut med Cd. Også den i sjangeren pop-rock. Plata er ferdig innspelt, men skal miksast og mastrast før ho kjem ut.

- Me reknar med at plata kjem ut september/oktober, seier Lars Jacob, så følg med på Facebook-sida vår!

Ingressbilete: Folty Loft med fitjarbuen Lars Jacob Eide Helland, nr. to frå høgre, har gitt ut plate i sommar.