Fyrste leseprøve for Håkonarspelet

Tysdag spratt den gamle soga om Håkon den Gode opp frå sidene då ensemblet i Håkonarspelet hadde sin første leseprøve.

Med ny regissør og nokre andre nye andlet var tida inne for å starta oppkjøringa til framsyningane i september. Og skal me tru regissør Jeff Pedersen har han tenkt å ta spelet til nye høgder og første steget var altså å møtast andlet til andlet for ei gjennomlesing av manuset.