Fredag 20. Juli 2018


Blomstringstur i Sæterbøfjellet

Enkelte plassar i fjellet kan du koma over reine oasar av blomstrar, både vanlege låglandsplanter og fjellplanter.

Dersom du synest du ikkje lukkast i blomsterbedet heime, eller ikkje har interessa, foreslår me ein tur til fjells. Det kan gi overraskande estetiske opplevingar. Me har funne vår oase med vakre blomar i ei natureng langs eit bekkefar på vestsida av Sæterbøfjellet, rundt 300 meter over havet.

Her finn du vanlege blomsterplanter som tepperot og tiriltunge, og ei spanande samling av andre blomstrar. Dei fleste er relativt vanlege i låglandet, men like fullt fine å sjå på. Og enkelte fjellplanter som kanskje er litt sjednare, iallfall for folk som ikkje går så mykje til fjells. Dei mest interessante fjellplantene her oppe er kanskje gulsildre og fjellfrøstjerne, som er vanlegare når du kjem mykje høgare opp i fjellet.

Me har sett i boka "Floraen på Stord", som Kristen Sørheim gav ut i 1969, og tar med noko av det han skriv om enkelte av desse plantene.

Blåsprett eller fjellfrøstjerne: Blomen er brunfiolett og etter namnet med stjerneforma frøull. Oftast finn me han frå Mehammarsåto og ned til sjøkanten. Finnestader: Lundsæter, Grov, Sevhølen og Ådland.

Gulsildre (saxifraga aizoides) er også mykje vanleg i fjellet på kalkgrunn. Elles er ho ikkje kravstor og kan bløma til langt borti oktober. Båd krunblad og mjølknappar er strekt gule. Blada er spisse med kjertlar i kanten. Dei minner om bergknappblad.

Enghumleblom er vanleg på våtlende i skogen og på grasmark. Han ser ut som ei lubben humle der han luter med raudbrune bekarblad og mørkbrune krunblad. Mjølvegane er mange, og dei lagar ei heklenål mot tuppen, så frukta klorar seg fast til dyr og menneske, og såleis spreiest.

Flekkmarihand. Ho trivst på myrelende og sur jord og er mykje vanleg. Blomen er bleikare, blada er flekkute.

Soldogg. Denne familien har alle tre artene på Strod. Dette er typisle myrvokstrar med bladrosett ved fote og bladlaus stylk. Det merkelege ved desse platene er at dei er kjøtetarar. Kjøtet frå dei ved å fanga insekt. Sidan myrsumpen er sur og næringsfattig, kan det friska opp med litt kjøt. Blada ... Desse kan såleis fanga opp vassnymgfer og veps.

Kvitbladtistel er lett å kjenna på dei kvitlodne blada på undersida, lange blad nederst med smalare ovum og til sist fjørlappa. . Blomane er store og fine, som målarkostar, der dei står på myrenger og i fjellbjørkeskog. Blada vart bruka i medisinen som sårpålegg liksom groblad.

Svarttopp (Barstia alpina) er å finna på fjellet. Heile planten er brunraud med raudfiolette blomar i øvre bladhyrno. Korna er lodden og har avkutt overlippe der mjølvegen stikk langt ut. Svarttopp veks på beitemark i fjellet ved Steindalsvatnet (Inste Sølivatnet, red. merkn.), Morkavatnet og Tjødnadalen. I Dyvik står han like ved vegen og berre 10 meter over havet.

Me minner om at det hekkar orrfugl i området, ta omsyn til det.

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...
annonse
annonse

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...

Vandring i elveleiet til Tveitaelvo

16.07.2018 Kjetil Rydland

Her starta elvevandringa, vel hundre meter nedanfor Botnavatnet. Foto: Magne Røed.  Vandring i elveleiet til Tveitaelvo Tveitaelvo er ei av dei mest vassrike elvane våre, og renn frå Botnavatnet forbi Dalshaugane og...

Les meir ...
annonse

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...
annonse