Onsdag 25. April 2018


Variert, flott og rørande sommarkonsert

Med eit spennande program som gjekk frå rock, via folketonar, blues og revedans, til moderne brasstonar, rørde kulturskuleelevane publikum til tårer under årets sommarkonsert.

Dei første tonane kom frå dei unge aspirantane i Fitjar skulekorps. Dei hadde fått hjelp av nokre eldre vener og slo an tonen med svingande rockerytmar.

Ei flott strykargruppe, saman med Thea Træet og Sofie Rimmereid på piano, skapte vidare sommarstemning med songar om blomar og dyr,

Flott song fekk me frå duoane Nora Marie Hellesund og Elin Heggøy, Thea Træet og Mari Hatlevik, Silje Rydland og Marie M. Oma, og Edtih Helland saman med songlærar Ole Andre Westerheim. Flotte duettar med stemmer som kledde kvarandre. Alle song reint og klårt, og det var ei stor glede å lytta til dei.

Bluesen og dei mest rocka tonane koma frå band-gruppene. Både Torstein Træet og Arild F. Waage, saman med bandlærar Jonas S. Olsen, og Johannes Myhre, Andreas Vik, Nils Birger Vestbøstad og Luka Vucenovic synte svært sterke musikalske prestasjonar og skapte god konsertstemning. Førstnemnde imponerte ekstra ved å framføra den eigenkomponerte låta Sjølvlaga låt. Dei eldste gutane hadde på den eine låta si med seg Arina Maravskaja som eit nytt, friskt pust på song.

Piano er det mest populære instrumentet i kulturskulen, om ein skal måla etter tal på dei som står på venteliste. Som representantar for pianoelevane dette året fekk me høyra firhendig spel av Nora Marie Hellesund og Maria Prestbø, og Tori Vestbøstad saman med Andreas Vestbøstad. Å spela firhendig er ekstra krevjande, men med presist og stødig spel klarde dei unge pianistane dette med glans. 

Den yngste dansegruppa sjarmerte publikum med ein flott ekorndans, og tverrfløytegruppa med artig koreografi fekk publikum både til å le og klappa takten, i tillegg til å nyta musikken. 

Konserten vart avslutta med at Fitjar skulekorps, for høvet i nye korps-skjorter, framførde NM-stykket sitt The dark side of the moon, som dei reiser til Trondheim med i slutten av månaden. Det verka som dei hadde full kontroll, og dei hadde svært god trøkk, slik dette nummeret krevde, utan at det gjekk nemneverdig ut over klangen i korpset. 

Kor tid tårene kom snikande varierte frå person til person i publikum, Mine kom sterkast under avgangseleven Guro Rimmereid si svært flotte framføring av pianostykket Claire de Lune av C. Debussy. Men det var ei subjektiv oppleving og andre hadde andre favorittar som rørde deira hjarta djupast..

Kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen avslutta konserten med å takka dei dyktige kulturskulelærarane for jobben dei har gjort i året som har gått og minna om at med dette tar kulturskulen no sommarferie (bortsett frå visuelle kunstfag og skulekorpset). For dei som ikkje har plass i kulturskulen og som kunne tenkt seg det er det framleis ledige plassar på aspirantopplæring og dans (på dei eldste gruppene) og visuelle kunstfag. Er dette av interesse bør ein ta kontakt med kulturskulen snarast. 

Kopi av 20140616 sommarkonsert foto Helga Rimmereid12
Fitjar skulekorps framførde NM-nummeret sitt: The dark side of the moon. Foto: Helga Rimmereid

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Desse vann på basaren til Fitjar bu- og …

24.04.2018 Pressemelding

Desse vann basaren til Fitjar bu- og behandlingssenter Den årlige basaren til inntekt for trivselstiltsk for bebuarane på FBB, gjekk av stabelen onsdag 21.mars.

Les meir ...

Helland CNC: Topp utstyr og print som li…

24.04.2018 Kjetil Rydland

Stian Helland har topp utstyr; her tar han inn eit bilete i datamaskinen sin og gjer det klart til utskrift på den store UV-printeren. Foto: Kjetil Rydland.  Helland CNC: Topp utstyr...

Les meir ...

Temakveld i kyrkja om skam, skuld og opp…

23.04.2018 Kjetil Rydland

Unndis Bergås, psykolog og tidlegare misjonær.  Temakveld i kyrkja om skam, skuld og oppreising Førstkomande torsdag er det igjen temakveld i Fitjar kyrkje, den siste i vår. Denne gongen er det psykolog...

Les meir ...
annonse

Strandabasaren lever!

23.04.2018 Kjetil Rydland

Driftige misjonskvinner driv Strandabasaren vidare, f.v. Bodil Nesse, Tordis Eide, Else Hovland og Reidun Børtveit. Foto: Håkon C. Hartvedt.  Strandabasaren lever! Tradisjonen tru fylte Strandabasaren laurdag ettermiddag bedehuset nesten til siste plass, og stemninga...

Les meir ...

Fitjarbuen må betale 1800 meir for breib…

23.04.2018 Jonas Sætre

Fitjarbuen må betale 1800 meir for breiband enn dei som bur sør på øya Spreidt busetnad gjer at fiberbreiband frå Fitjar Kraftlag er langt dyrare enn for dei som får breibandet gjennom...

Les meir ...

Fitjarskyttarar til Hordastemnet på Bøml…

22.04.2018 Kjetil Rydland

Knut Vik frå Fitjar Skyttarlag fekk gleda av å dela ut premiane til Lars Sigurd Tufteland og Eirik Fitjar.  Fitjarskyttarar til Hordastemnet på Bømlo Sju skyttarar frå Fitjar Skyttarlag deltok på Hordastemnet felt, som...

Les meir ...
annonse

annonse