Tid for dugnad

I nydeleg maivêr hadde Fitjar Båtlag laurdag lyst til dugnad i hamna i Havn. Delar av bryggjeanlegget skal no få nytt dekke i løpet av året.

Då Fitjarposten såg innom laurdags morgon, var det ikkje trong om plassen. Stein Arild Aarskog fortel at sjølv om det var tillyst start klokka ti, tar det gjerne litt tid før folk kjem luskande. Dette er årets første sprett på dugnadsfronten, Og sjølv om det er strålande jobbevêr, er hana ikkje sltfor optimistisk når det gjeld talet på dugnadsdeltakarar. Maihelgene plar vera fullbooka for dei fleste. Det hjelper heller ikkje at ein god porsjon av dei som er medlemmer i Fitjar Båtlag ikkje er fitjarbuar, men hyttefolk som har båten i Havn mellom besøka.

Det er uansett eit viktig arbeid som skal utførast. Tredekket på den sørlegaste bryggjaer prega av å ha lege i mange år og treng utskifting. Som sagt var laurdag den første dugnadsøkta i år. Så står det att å sjå om fleire dukkar opp på dei tre neste dugnadsdagane båtlaget skal ha i løpet av året. Formann i båtlaget, Tom-Kristian Innvær fortel at han merkar at dugnadsviljen er på retur, også blandt båtentusiastane, men denne dagen gjer i alle fall han sjølv si plikt, og legg nokre timar innsats i potten for å få ei så fin hamn båtlaget kan få til med sine ressursar.