Bokkupp i kyrkja

Søndag kan du i kyrkja sikra deg ei salmebok, heilt gratis, og samstundes vera med på den første gudstenesta med dei nye salmebøkene.

Det er kyrkjeverje Harald Rydland som melder dette. Dei gamle salmebøkene er no pensjonerte, og søndag er blir det song frå den nye salmeboka i gudstenesta. Dermed skal dei gamle salmebøkene fjernast. Sidan mange av dei er fullt brukande, ønskjer kyrkja å gje vekk så mange bøker som mogleg. Ein del har alt hamna på institusjonane i bygda, og resten blir altså gjort tilgjengeleg for husbruk.

Kyrkjeverje Harald Rydland rettar i same venda  ei stor takk til kyrkjeringen, privatpersonar og Osternes Mannskor som har vore med på å finansiera innkjøpet av dei nye bøkene.