Uvanleg 17.-mai for strandabu

Arne Kjelsnes, strandabu i eksil på Gålå i Gudbrandsdalen, var i år leiar for 17.mai-komiteen på staden. Det resulterte i ei feiring noko utanom det vanlege.

 I ei melding til Fitjarposten fortel han følgjande:

På Gålå i Gudbrandsdalen blei det arrangert ei 17.maifeiring utanom det vanlege. I år gjek nemleg 17.mai-toget på ein noko uvanleg stad, nemleg i skibakken. Første etappe av toget blei unnagjort i skiheisen. Andre del var sjølve nedfarten.

- Det var dei lokal ungdommane på Gålå som ønska å markera 200-årsjubileet til Grunnlova på sin speielle måte, skriv komite-leiar Kjelsnes, som altså gav gass på grunnlovsdagen.

Slike sprelske påfunn er godt stoff, noko fleire nettaviser og NRK viste med å gje plass på sine repektive dekningar av dagen. NRK gjekk så langt at dei sikra seg førsteretten til dekkinga.