Eit festtog gjennom bygda

Det opna med ein grå morgon, men etter som dagen gjekk, gjorde også vêret sitt til at 17. mai-toget vart ein 200-åring verdig.

Med skulane og barnehagane i Fitjar samla var det eit flott tog som sette i veg, frå parkeringsplassen og opp til kyrkja, via eldreinstituasjonane. Og FAU-leiar Lovise Vestbøstad fortel at komiteen som vurderte innsatsen til dei forskjellige klassane blei imponert kor mykje halloi borna laga.

- Dette trur eg er det toget mest høgast volum på mange år.

Ho fortel at den knivskarpe konkurransen blei vunnen av 2a og 6. klasse på RImbareid.