Skiglede i sommartemperatur

Det bobla over av glede på kyrkjelyden sin tur til Myrkdalen siste helga i april. Glede over snø under beina, sol frå skyfri himmel, sommartemperatur i lufta, godt fellesskap og ei tom grav fylt av glede.

Fitjar kyrkjelyd sin årlege tur til Helgatun, som brukar vera første helga etter påske, kom seint i år. Det gav ikkje dei største snømengdene kyrkjelyden har opplevd i Myrkdalen, men nok til å både aka, renna slalåm og å gå på langrenn. Kombinasjonen flott ver og kjekt opplegg vart til ei strålande helg for dei vel 60 som framleis var klar for snø, sjølv om gradestokken med sine nærare 20 grader peikte meir mot sommar enn vinter. 

Med eit alderspenn på over femti år frå den yngste på 0, var det ei brei og berikande samansett forsamling, som alle vart møtt på sitt nivå, både i humor, alvor og fysiske utfordringar. "I dei blomstrete bilane sine har dei fleste morgontrøtte ski, nokre har svevande akebrett og så sleng det ein og annan søt pulk. Den sure kosekvelden med pysete Bård Inge som opplesar er berre eit av fleire hårete innslag. ", vart det mellom anna sagt om turen i adjektivforteljinga som var ein del av laurdagsunderhaldninga.

Deltakar Aase R. Nøttveit, som og sat i turkomiteen, var svært nøgd med helga og vil gjerne trekka fram den gode maten, det god vertskapet og eit kjekt turkor som ekstra gode opplevingar, i tillegg til det flotte veret. 

Søndag føremiddag var det gudsteneste med "Brød for verda" som tema. Soknepresten leia gudstenesta, turkoret deltok med song, det vart feira nattverd og laurdagsskuleungane song og fortalde at dei hadde funne ut at den tomme grava var full av glede. Etter det retta nokre nasa heimover, men for dei fleste stoppa ikkje turen der. Med niste og kakao i sekken var mange klar for nok ein dag fylt av glede i ake- eller skibakken eller på dei store viddene på Vikafjellet.

Både sokneprest Olav J Oma, kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu og kyrkjelydspedagog Birgitte D. Brenne var med på årets kyrkjelydstur. Dette var den 9. kyrkjelydsturen til Helgatun, og det er planlagt ny tur første helga etter påske neste år. 

Kopi av 20140426 Helgatun Foto Helga Rimmereid4