Velklang til vårens pris

For andre året på rad stelte Ostenes Mannskor fredag til vårkonsert på Fitjar, ei fredastund der publikum vart pakka inn i malmfull velklang konserten til endes.

I år som i fjor var Leirvik Mannskor og Mannskoret Havdur med på songarsida. Med to år under beltet for dette arrangementet, må dette no vera for ein tradisjon å rekna. Omlag 170 betalande blei kitla i øyra frå start til slutt. Kora viste i løpet av konserten at mannssong ikkje berre er mannssong. Repertoaret spente frå Petter Dass, svinga innom Johannes Kleppevik ved fleire høve og Vamp var også representert. Og det var også ispedd andre element. Ostenens Mannskor hadde lagt til fakter som liva opp, Fredrik Horn, som er tonefølgjet til Leirvik Mannskor, hadde eit solostykkje og Hans Glitterberg i Havdur las dikt, både med og utan støtte av koret sitt

Dette er skattane kora er sette til å forvalta. Og med slike tilstellingar blir skattane pussa og vist fram med jamne mellomrom. Grepet med allsong gjer konserten til ei større oppleving for publikum. Sjølv om det ikkje plent måtte visast tekts på storskjerm. Under dei ulike kora sine avdelingar, var det nemleg fleire i publikum som sat og song forsiktig med.

Både publikum og songarar let vel etter konserten, kor kjekt det hadde vore. Havdur-dirigent Cecilie Rønhovde uttalte også at ho endå til hadde felt ei tåre medan ho lytta til dei andre kora. Og med den gode stemningen i korkroppane har kanskje konturane av neste års program byrja teikna seg hjå dei involverte?

Dei tre kora har vist at dei ber på slitesterkt gods. Leirvik Mannskor har passert 100 år, Osternes Mannskor 80 år og Mannskoret Havdur fyller 80 neste år. Og i ei tid der "alt" skal vera kjønnsnøytral, er det kjekt at mannssongtradisjonen lever vidare.