Måndag 16. Juli 2018


Engasjement for eigenverdet

Torsdag kveld fekk dei frammøtte i FItjar kyrkje møta ei engasjert Sylvi Levåg, som delte sine tankar om kva det vil seia å vera tru mot seg sjølv.

Ei utlegging av temaet "Ver tru mot deg sjølv" i ei kort samling ein kveld er eit ambisiøst prosjekt. (Også det å referera frå det) Det rører ved det heilt grunnleggjande i eit menneske. I sitt virke innan psykiatrien er dette noko Sylvi Levåg jobbar med i det daglege. Som eit menneske i ein større samanheng skal du finna balansen mellom det å ta vare på deg sjølv og samstundes vera ein del av noko større. Det kan vera arbeidsplass, familie eller blandt vener, og så møta dei krav og forventingar det fører med seg, anten dei er sjølvpålagde eller uttalte. Og i dei mange skjeringspunkta som kjem livet gjennom, skal ein prøva å vera trygg på kven ein sjølv er.

Levåg fortalte at mykje handlar om dei tankane ein har om seg sjølv, og desse er ofte mykje verre enn røynda er. Ho slo fast at du blir det du tenkjer. Og la til at dei gode nyhenda var at du kan gjera noko med det. Dei dårlege var at du må gjera det sjølv. Ho oppfordra til å gjera det godt og øva på å vera takksam, og minte om helsinga frå minnebøkene då ho var yngre: Den største gleda du kan ha, er å gjera andre glad.

Levåg brukte seg sjølv som døme, rett som det var, for å illustrera poenga sine. Det ho fleire gonger landa på, var at ho ikkje kunne vera andre enn den ho er, og vera tru mot røtene sine; Ei jente frå bygda. Og nokre av måtane det gav seg utslag på, var å halda på dialekten og tala bøndene si sak i Oslo, noko som vekte humring i benkeradene.

Levåg snakka også om det å setja grenser. Mellom anna er det ikkje naudsynt at alt er perfekt, alltid. Ho meinte at ein del av det å ha eit sunt sjølvbilete handla mellom anna om å ha eit nådefullt syn på seg sjølv, og akseptera seg sjølv som den ein er. Av og til må ein seia stopp for å vera tru mot den ein eigentleg er. Og det å kasta maska er ikkje å tapa ansikt, men å visa eit levande andlete.

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...

Torstein med «Team Yaristan» til Mongoli…

13.07.2018 Kjetil Rydland

Torstein Søreide Skogedal og kameratane Ludvig Nielsen og Sven Hove ved avreisa frå Oslo i dag. Foto: Privat. Torstein med «Team Yaristan» til Mongolia! Saman med to kompisar sette Torstein Søreide Skogedal...

Les meir ...
annonse
annonse

Skittsak for Kulturhuset!

13.07.2018 Kjetil Rydland

Midt i foajeen til Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde kyrne gjort ifrå seg i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Skittsak for Kulturhuset! Fredag føremiddag kom kyr seg inn i Fitjar kultur- og idrettsbygg og...

Les meir ...

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No…

12.07.2018 Jonas Sætre

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No ser eg veldig lyst på framtida og på livet For snart to år sidan fekk Karina Haaland frå Fitjar beskjeden om at ho fekk...

Les meir ...

Hurtigbåt til Tysnesfest

11.07.2018 Kjetil Rydland

Til helga kan du reisa på Tysnesfest, fram og tilbake, med snøggbåt. Foto: Tysnesfest Hurtigbåt til Tysnesfest Førstkomande laurdag går det snøggbåt frå Leirvik, Rubbestadneset og Fitjar til Våge i høve Tysnesfest.

Les meir ...
annonse

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...
annonse