Ein annleis andre påskedag

Andre påskedag var det klokka på båten Vestgar, som ligg på slipp i Dåfjorden, som kalla inn til gudsteneste.

 Om klemta frå klokka med første øyrekast var av den spinkle sorten, klarte dei leia meir enn 100 personar til slippen i Dåfjorden denne strålande dagen. Og blandt båtar i ulike fasongar og grader av sjødyktige, var det ikkje til å unngå at det maritime spelte ei rolle i gjennomføringa av gudstenensta, heilt i tråd med fiskarbakgrunnen til fleire av læresveinane. Det blei mellom anna sunge "Min båt er så liten", og postludiet var den ikkje ukjente "Hildringstimen". Og den djerve planen med å vera utandørs i ein periode av året då alt kan skje, vêrmessig, lukkast til fulle.

Om det no var ei forenkla og uvanleg ramme rundt gudstenesta, heiter det seg at der to eller tre er samla i Guds namn, er Han midt blandt dei.