Sundag 24. Juni 2018


Kultur

Fitjar er rik på kulturtradisjonar innan kunst og handverk, revy, historie og musikk.

Kunst og handverk Fitjar er kjent for den rike kunst og handverkstradisjonen sin. Mest kjent er nok Berta Liarbø for oppstadveven, noko som har ført til mykje fortent presseomtale, vitjing av dronning Sonja og film. Seinare har òg Hilma Lønning og Heidi Liarbø teke opp oppstadvevtradisjonen.

Kari Ivarsøy er velkjent for spesielle strikkemønstre, biletvev og genserproduksjon. Designaren Jørund Fjøsne er ein anerkjent kunstnar som mellom anna har utvikla «Fitjarsølvet»,og som i vår stod i spissen for eit svært spennande papirprosjekt. Leif Hedmann sine karakteristiske skulpturar er også kjend ut over Fitjar sine grenser. Alma Kjærland er ein allsidig kunstnar som har jobba med akvarell, olje- og akrylmåling. Ho lagar arbeid i glas, keramikk med meir. Kunstnaren Bjørg Strømme er blitt godt kjent for sine akvarellar og oljemåleri, og har hatt utstillingar på fleire plassar i området.

Sommarrevyen i Fitjar er etter kvart blitt eit omgrep. Folk strøymer til «Fitjarrevyen» frå store delar av fylket. Under revyfestivalen for Vestlandet sist haust, fekk òg lokale utøvarar prisar, og nokre av dei gjekk vidare til revyfestivaken på Høylandet i 2009.

Fitjar har eit rikt musikkliv med Kulturskule, barnegospel, Tensing, mannskor, korps - og gode solistar både vokalt og instrumentalt. Fitjarmusikaren Irene Simonsen er ein svært dyktig pianist, og ein glimrande akkompagnatør. Ho har halde konsertar fleire plassar på Vestlandet, og nyleg også i USA. Ho opptrer både åleine, og som akkompagnatør for andre kunstnarar.

 

Fitjar Musikklag. Foto: Håkon C. Hartvedt
Fitjar Musikklag. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Håkonarspelet «Kongen med gullhjelmen» er eit historisk spel om kong Håkon den gode, som fekk banesåret sitt her på Fitjar. Neste framføring vert i 2010.

 

Frå Håkonarspelet. Foto: Håkon C. Hartvedt
Frå Håkonarspelet. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

9. september 2006 var det storstilt opning av ny kultursal i Fitjar Kultur- og idrettsbygg. Salen er mykje brukt både som konsertsal for kjende nasjonale artistar, og for meir lokale arrangement. Annankvar veke kan du også gå på kino her.

 

Finn Fitjar

Fitjar ligg mellom Bergen og Haugesund, på nordsida av Stordøya.  

Kjem ein med fly/tog til Bergen kan ein køyre vidare med bil/buss til Halhjem der ein tek ferje til Sandvikvåg som ligg i Fitjar kommune.  Frå Sandvikvåg til Fitjar sentrum er det 7 km. Ruter for ferjene finn du her.

Kjem ein sørifrå nyttar ein Trekantsambandet som bind kommunane Fitjar, Stord og Bømlo saman. Når ein kjem til Stord, kan ein velje å køyre E39 på austsida av øya (ca. 35 km) eller Rv 545 på vestsida. (28 km), og vil vera i Fitjar sentrum ein halv time etterpå.

Ein kan òg ta fly til Stord Lufthamn. Då ligg Fitjar berre 15 minutt unna, om ein køyrer bil.

Elles har SKYSS bussar som går øya rundt. Rutetabellen finn du her.

 

Sjøsio

Idyllisk hamn. Foto:Håkon C. Hartvedt
Idyllisk hamn. Foto:Håkon C. Hartvedt

Kjem du sjøvegen til Fitjar er Sjøsio m/Larsen det første du møter. Dette er ein god gjestehavn i sentrum uten avgift med gratis nettilgang og mogelegheit for dusj- og klesvask. Det nye kaiopplegget stod ferdig i 2008.

 

Sjøsio er på mange måtar inngangsporten til Fitjar. Foto: Mette Fitjar
Sjøsio er på mange måtar inngangsporten til Fitjar. Foto: Mette Fitjar

 

Her finn du kort sagt alt båtfolket treng, med mange og trygge båtplassar, og ved kaien ligg òg det største varehuset i bygda med daglegvareforretning, multihandel, apotek, post, blomeforretning, sportsforretning, kafe, tannlege og fysioterapeut. Toalett finn du ved Cafe Annemor i 2. høgda. Kjem du med bil finn du oftast parkeringsplass ved Rådhuset midt i sentrum.

 

Kosar seg på Sjøsio. Foto: Håkon C. Hartvedt
Kosar seg på Sjøsio. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

 

Turist

Kjem du sjøvegen til Fitjar er Sjøsio m/Larsen det første du møter. Dette er ein god gjestehavn i sentrum uten avgift med gratis nettilgang og mogelegheit for dusj- og klesvask. Her finn du kort sagt alt båtfolket treng, med mange og trygge båtplassar, og ved kaien ligg òg det største varehuset i bygda med daglegvareforretning, multihandel, apotek, post, blomeforretning, sportsforretning, kafe, tannlege og fysioterapeut. Toalett finn du ved Cafe Annemor i 2. høgda. Kjem du med bil finn du oftast parkeringsplass ved Rådhuset midt i sentrum.

Fiskeplassane er mange både i sjø og ferskvatn, og sjølandskapet rundt fitjarøyane er eit eldorado for kajakkpadlarar og båtfolk. Har du ikkje kajakk sjølv kan du leiga hos Padleåro kajakkutleige (om lag 12 km frå Fitjar sentrum). Båt kan du leiga hos Fitjar Sjø og Camping.

Er du av den fjellglade typen, skal du vita at Fitjarfjella lokkar med mange flotte turstigar til fjells. Høgste toppen er Mehammersåta på 749 m.o.h. Stord-Fitjar turlag arrangerer mange fellesturar. Programmet deira finn du på Turistinformasjonen hos Stord Videokiosk i sentrum. Her vil du òg få opplysningar om sykkelruter.Har du ikkje sykkel, kan du leiga ein hos MX-sport i Varehuset Larsen.

 

Tindane. Foto: Kjetil Rydland
Tindane. Foto: Kjetil Rydland

 

Andre tilbod til deg som er aktiv er Fitjar treningssenter i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, treningssenteret over Bensinstasjonen. (Hydro/Texaco) og treningsmogelegheiter i Fitjar Idrettspark og Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

 

Kva som skjer i Fitjar akkurat no, kan du lesa her.

Spisestader

Cafe Annemor er ei kafe i sentrum der du kan kjøpa middag, påsmurt eller kaffe og kake. Dei driv òg med catering.

Stord-Fitjar Videokiosk er både Turistkontor og MIX-butikk der du kan kjøpa kioskmat som hamburgarar, pizza, pølsemenyar og liknande. Dei serverer òg ulike kaffesortar og softis.

Fitjar Fjordhotell serverer både frokost og middag. På torsdagar har dei komlebuffet og søndagar søndagsbuffet for heile familien. Catering kan du bestille her òg.

Kysten Rundt på Sandvikvåg har både hamburgarar og andre kiosk-varmrettar. I tillegg kan du kjøpe bagettar og nybakt her.

Bensinstasjonen kan du mellom anna kjøpe pølsemenyar og baguettar.

Overnatting

Fitjar Fjordhotell ligg fint til ved Fitjarelva og kan tilby nyoppussa rom.

Fitjar Sportell er eit rimelegare alternativ tilknytta Fitjar Fjordhotell. Frukosten et du på hotellet.

Fitjar Sjø og Camping er det rimelegaste overnattingsalternativet i Fitjar, og ligg vakkert til ved vegen inn til Kråko, om lag 3 km frå Fitjar sentrum.

Færøysund handels- og gjestgjevarstad ligg like sør for Sandvikvåg ved Langenuen. Har utleige på vekebasis frå mai til ut september. Bør tingast i god tid på førehand, då det fort blir fullteikna.

Gode naboar

Fitjar ligg på Stordøya midt i mellom Tysnes og Bømlo. For å koma til Tysnes må ein ta ferje frå Jektevik (ca. 20 km frå Fitjar sentrum) og Bømlo som ein kan nå via Trekantsambandet.  Sør på Stordøya, berre 30 minutt frå  ligg byen Stord. Til Bergen kjem ein på  rundt 1,5 time med ferje frå Sandvikvåg, mens ein når fram til Haugesund på litt meir enn ein time, via Trekantsambandet.

Kulturminne

Er du historisk interessert, kan Fitjar skilta med eige historisk spel, og av kulturminne finn ein både museum, vassdriven sirkelsag, kolerakyrkjegard, helleristingar og steinrøys frå Vikingtida.

 

Fritid og idrett

<Under utarbeiding>

Fitjar har mykje å tilby barn, ungdom og vaksne som vil ha ei aktiv fritid.  Det er mange lag og organisasjonar som arbeider med positive aktiviteter.  Elles har Fitjar mykje fin natur både på sjø og land.  Fitjarfolk brukar skjærgarden  mykje for å komma seg ut på fritida. For tida føregår det utbygging av nye bryggeanlegg slik at dei som ynskjer det, skal få leiga seg båtplass. Øyane våre eit eldorado for kajakkpadlarar.  Ynskjer ein å nyta fritida i naturen på land, er det kort veg for å få ein fin tur i skogen eller på fjellet.

Fitjar idrettspark finn du om lag ein kilometer nordover frå Fitjar sentrum, med innkjøring frå riksveg 545. I tillegg til dei flotte tilhøva for fotball og friidrett, har idrettsparken òg opplegg for handball og tennis. Det er restriksjonar på bruk av grasbane og garderobar, men elles står anlegget til fri disposisjon både for turistar og fastbuande. Det gjer også den nye kunstgrasbanen, noko nærmare sentrum.

Bygda si storstove er Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, som har idrettshall, amfisal med plass til 300 personar, bibliotek, treningssenter, ungdomsklubb m. m.  Elles har me idrettspark med grasbane, friidrettsanlegg og kunst-grasbane. Det er bygd ny skytebane med elektroniske skiver, samt bane for miniatyrskyting.

Av lag og organisasjonar i Fitjar, kan me nemna: (Sjå òg under "Lag og organisasjonar" der laga presenterer seg sjølv):

Fitjar Idrettslag  (tilbod innan fotball, handball, friidrett, idrettsskule m.m.)

Fitjar skyttarlag

Karateklubb

Fitjar Musikklag (brass band)

Fitjar Skulekorps

Osternes Mannskor

Barnegospel

Ten-Sing ungdomskor

Husflidslag

Ridesenter

4H-klubb

Kulturskule

Speidar

Kyrkje og misjonsarbeid

Teater- og revylag

 

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse