Måndag 23. April 2018


Næring

<Under utarbeiding>

For deg som vurderer etablering av næring i Fitjar kan følgjande være viktige moment å være klar over: - Tilgjengelege næringstomter til fornuftige priser - Finansieringsordningar pga Fitjar ligg i distriktspolitisk næringsområde - Mykje god arbeidskraft - God tilrettelegging for nytetaberte mht ansatte, sjå "tilflyttar"

Næringslivet i Fitjar er idag prega av at kommunen ligg langs kysten og det dreier seg mykje om maritime verksemder i tillegg til landbruk. Den største arbeidsplassen er Vik Sandvik AS som er verdsleiande på skipsdesign og som har hovedkontoret her. Verksemda er nyleg kjøpt av Wärtsila som vil satse sterkt vidare med vekst innan skipsdesignsegmentet og med Fitjar kontoret som konsernkontor for dette forretningsområdet. Les meir om bedriftene på Fitjar og på øya stord under "bedrifter".

Oppvekst

 

 

Fitjar er ein trygg og god stad å veksa opp for barn og unge i landlege omgjevnader med rein luft og mangfald i aktivitetar og tilbod. For nyetablerarar er føljande viktige moment:

  • Full barnehagedekning og mangfold med mellom anna friluftsbarnehage.
  • Lav kriminalitet og oversiktlige forhold
  • Mange nyetablerarar i kommunen, og høg andel barnefødslar.

 

Skule

I Fitjar kommune har me tre grunnskular.  I kommunesenteret har me kombinert barne- og ungdomsskule med om lag 360 elevar.  I Øvrebygda er det barneskule for 1.- 7. trinn med ca. 60 elevar, og i Sælevik er det barneskule med vel 35 elevar.

Fitjar vidaregåande skule har om lag 250 elevar og har m.a.  tilbod om utdanning i helsefag, kokk/servitør og allmenn påbygging. Les meir om skulane.

 

Barnehage

Det er fire flotte barnehagar i Fitjar, ein kommunal og tre private.  Til no har alle som ynskjer det fått plass i barnehage. Les meir om barnehagane

 

Helsestell

Fitjar kommune har gode tenester innan helse og omsorg.  Her er god legedekning, tannlege, helsestasjon, sjukeheim og omsorgsbustader.

 

 

Dette er Fitjar

 


Fitjar frå sørvest. Foto: Mette Fitjar

 

Fitjar kommune dekkar nordre halvdelen av øya Stord og skjærgarden vest mot havet. Kommunen har eit areal på 145 kvadratkilometer og har vel 2900 innbyggjarar. Bygda vår er ein trygg og god stad for born å veksa opp i, og me har dei tilboda som skal til for at moderne familiar skal ha det godt og trivast.

 


Fitjar frå nordaust. Foto: Mette Fitjar

 

I kommunesenteret ved Fitjarsjøen er mange service-funksjonar samla, slik som rådhus, butikkar, bank, post, NAV-kontor, helsestasjon, sjukeheim, skular og ei rekkje verksemder. Frå kommunesenteret er det 6 km til Sandvikvåg der det går ferje til Austevoll og Halhjem (ca. 30 km frå Bergen).

Til regionsenteret Leirvik kjem du på rundt 30 minutt med bil frå Fitjar sentrum, til Haugesund og Bergen kjem du på 1,5 time, medan du klarer deg med 20 minutt til Stord Lufthavn på Sørstokken.

Med like mange øyar og holmar som det er dagar i året, har Fitjar ofte blitt kalla øyparadiset i Sunnhordland. Vakrast er det derfor å koma sjøvegen. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske store og små vikar, skogkledde lier, åsar og fjell.


Skålevikholmen ved solnedgang. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Kansellerte ferjeavgangar

22.04.2018 Kjetil Rydland

– Så lang ferjekø har eg aldri sett før Ferjekøen sørover strekte seg mange kilometer søndag. Foto: tipsar Mange innstilte avgangar kombinert med stor helgetrafikk har skapt svært lange ferjekøar mot Sandvikvåg...

Les meir ...

Marie 9 år

22.04.2018 Kjetil Rydland

 Marie fyller ni år i dag! Marie 9 år Gratulerer så masse med 9-årsdagen søndag 22.04! 

Les meir ...

Hoggorm på Engesund Visningssenter!

21.04.2018 Kjetil Rydland

Sjeldan gjest på merdkanten i Engesund. Foto: Goff Artsamai. Hoggorm på Engesund Visningssenter! Fredag morgon dukka det opp ein ubeden og svært sjeldan gjest på  Engesund Visningssenter i Fitjarøyane, då ein hoggorm brått sat...

Les meir ...
annonse

Bremnesingane blei altfor sterke for A-l…

21.04.2018 Kjetil Rydland

Fitjar nede for teljing med null poeng etter tre kampar. Foto: Kjetil Rydland. Bremnesingane blei altfor sterke for A-laget Trass ei tidleg leiing ved Daniel Skarpnes viste Fitjar-gutane seg altfor veike og...

Les meir ...

Første vigsla for ordføraren

20.04.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med brurparet Malene Løklingholm Leivestad og Morten Bauge Torland. Foto: Kjetil Rydland.   Første vigsla for ordføraren Fredag fekk ordførar Wenche Tislevoll sin elddåp då ho vigde Morten Bauge Torland (31)...

Les meir ...

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...
annonse

Fitjarskyttarar til Hordastemnet på Bøml…

22.04.2018 Kjetil Rydland

Knut Vik frå Fitjar Skyttarlag fekk gleda av å dela ut premiane til Lars Sigurd Tufteland og Eirik Fitjar.  Fitjarskyttarar til Hordastemnet på Bømlo Sju skyttarar frå Fitjar Skyttarlag deltok på Hordastemnet felt, som...

Les meir ...
annonse