Onsdag 17. Januar 2018


Kulturminne

Fitjar kyrkje

har tradisjon heilt tilbake til mellomalderen. Tidlegare stod det ei gamal steinkyrkje der Fitjar kyrkje no står. Denne steinkyrkja meiner ein daterte seg heilt ifrå 1000-talet. Ho vart riven då nyekyrkja vart bygt i 1867, men mykje av grunnmuren i den nye kyrkja er frå steinkyrkja. Like eins er den mektige steinen som dannar alterbordet i Fitjar kyrkje i dag frå gamle-kyrkja. Ein har òg hand om noko av det gamle alterbiletet, og døypefonten, frå gamal tid. Det er gudstenester i Fitjar kyrkje nesten kvar søndag. Dei som ynskjer nærare orientering om kyrkja, kan ta kontakt med Fitjar kyrkjekontor, tlf. 53 45 85 00



Håkonarmonumentet
er minnesteinen du finn like ovanfor Fitjar sentrum. Han er laga av skulptøren Anne Grimdalen, i samband med tusenårsmarkeringa over kong Håkon den gode, som fall her i kamp med Eirikssønene i 961. Ifølgje Snorre vann eigentleg Håkon og hans menn slaget, og Eirikssønene vart drivne på flukt. Men ei pil som vart skoten på måfå, gav kongen banesår. Kongen ønskte då å segla nord til Alrekstad ved Bergen, men døydde allereie på Håkonshella av blodtapet. Dei siste åra har Stiftinga Håkon den gode framført eit historisk spel, skrive av Johannes Heggland, om denne kongen.  



Rimsvarden
er ei veldig gravrøys på 30 meter i tverrmål, og innpå 4 meters høgd, som ligg nokre hundre meter ovanfor ungdomsskulen i Fitjar. Røysa er rekna for å vera mellom dei største for-historiske gravminna som er å finna i Hordaland. Nedi gravrøysa er det funne ei stor helle som var lagt som lok over eit firkanta, fint mura gravkammer. Her fann ein eit sverd, og ein kniv, laga av bronse. Kniven er kommen bort, men sverdet er no å finna i dei historiske samlingane på Bergen museum. Det er eit praktvåpen som ikkje var i kvar manns eige, men vitnar om at eigaren hadde både status og makt. 



Rydlandsago
er ei vassdriven sirkelsag som ligg ved grensa mellom Stord- og Fitjar kommune. Ho var i drift fram til -90-åra, og hadde då gjort sin innsats i over 70 år. I 1996 vart saga restaurert slik at ho no står om lag slik ho såg ut då ho var i drift. Nokre kilometer lengre nede, der elva renn ut i Dåfjorden, kan ein òg sjå grunnmurane til den gamle Rydlandssago, ei oppgangssag som var i drift frå om lag 1620, til byrjinga av 1900-talet. For nærare opplysningar, kan ein ringja tlf. 906 99 673.



Årskog museum er ein slektsgard som brørne Lars og Olai Aarskog testamenterte til Fitjar kommune i 1980. Garden ligg i eit lett, skrånande lende frå lyngheia i utmarka og ned mot fjorden, og gardstunet ligg slik det var på 1800-talet. I tillegg til at ein finn reiskap og husbunad frå 1800-talet her, har museet òg ei unik tekstilsamling. 

Det er òg funne helleristningar på Fitjar, og det er ein kolerakyrkjegard, og ein kongsbrønn frå gamal tid, her. For omvising i museet, og fleire opplysningar: Kontakt Fitjar kommune, kulturkontoret, tlf. 53 45 85 00.

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholm…

15.01.2018 Jonas Sætre

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholmen innan fristen Sjølv om leigeforholdet med Fitjar kommune gjekk ut ved nyttår har dei frivillige endå ikkje rydda ut av den kulturhistoriske eigedomen.

Les meir ...

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...
annonse
annonse

Badesesongen i full gang

14.01.2018 Kjetil Rydland

Ikkje akkurat Syden, men Leander Træet slappar av i bassenget. Foto: Kjetil Rydland.  Badesesongen i full gang Bassenget på Rimbareid skule er ope for ålmenta kvar måndag, bortsett frå i skuleferiane. 

Les meir ...

Zumbafeberen herjar igjen!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Spreke damer på zumbamaraton i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Trude Strand. Zumbafeberen herjar igjen! I dag har over 30 spreke damer gjennomført ein tre timars zumbamaraton, den første i på Fitjar...

Les meir ...

Vipe på Fitjar i dag!

13.01.2018 Kjetil Rydland

Vipa er ein flott fugl. Foto: FP-arkiv/KR.  Vipe på Fitjar i dag! I dag fekk Fitjarposten årets første melding om at det er observert vipe på Fitjar.

Les meir ...
annonse

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...