Kvifor Fitjar?

 

Vakker og brei, med utsyn mot havet. Foto: Mette Fitjar
Vakker og brei, med utsyn mot havet. Foto: Mette Fitjar

 

Fitjar er ein trygg og god stad for born å veksa opp i, og bygda har dei tilboda som skal til for at moderne familiar skal ha det godt og trivast.

Skule- og barnehagetilboda er gode, og det er eit rikt utval av lag og organisasjonar som gjev gode fritidstilbod, både til born og vaksne innan idrett, musikk, kultur og kristenliv - i tillegg til meir uorganiserte tilbod.

Næringslivet har klart seg bra gjennom finanskrisa, og det er framleis gode jobbmogelegheiter i Fitjar. Likeeins er det ledige tomter, både for dei som ønskjer seg hus, og dei som er ute etter ei hyttetomt.

I Fitjar bur ein tett på rike naturopplevingar der ho breier seg ut mellom fjell og fjord. Fitjarskjergarden er eit svært populært turistmål med sine mange øyar, holmar og skjer, og fjella lokkar med mange flotte turstigar.

Bygda si storstove er Fitjar Kultur- og idrettsbygg. Her finn ein mellom anna ein amfisal med 300 sitjeplassar og Idrettshall med treningssenter i overetasjen. Her vert det òg arrangert bygdekino.
I tillegg kan idrettsaktive nytte Fitjar Idrettspark, med graskledd fotballbane og løpebanar i sportandekke.

Ønskjer ein større forhold innimellom, er det berre 1 1/2 time til Bergen, 1 time til Haugesund og 1/2 time til Stord.