Friluftsliv

Fiskeforholda på Fitjar er svært gode. Storavatnet er rekna for å vera mellom dei beste røyevatna i Sør-Noreg. Avgifta er rimeleg, og det er høve til å leiga båt. Ynskjer du å kjempa med laks eller sjøaure, er Kjerelvo rette plassen. (Ta kontakt med Frode Fitjar tlf. 53 49 98 80)

For sjøfiske er særleg svaberga i Osternes (Tveit) ypparlege for fangst av lyr, sei og makrell. Kjem du deg ut i båt, kan du lett få både torsk, sei, makrell, hyse og brosme. I august vert det arrangert fiskefestival med fiske frå både land og sjø.

Fitjarøyane er eit eldorade for padleinteresserte. Blir du verande på Fitjar nokre dagar, kan du gjennomføre ein topptrimtur i øyapadling, med postar på utsiktspunktet på fem forskjellige øyar. Meir info om dette får du på Turistinformasjonen (Videokiosken), hos Varehuset Larsen eller hos Odd Bondevik, mobil: 918 05 525.

Er du av dei som likar å sykle, kan du leige sykkel hos Varehuset Larsen, og på Turistinformasjonen finn du ein flott brosjyre om sykkelturar i Sunnhordland.

Skog og fjell med nydeleg turterreng, finn du og på Fitjar. Mangfaldet er imponerande med rik flora og storslegen utsikt. Ikkje minst frå dei mange nakne fjella ut mot havet, mot Brandasund, Fitjarøyane og Austevoll.

Fjella i Fitjar strekkjer seg opp mot 700 meter, og rett over grensa til Stord ligg Mehammarsåto på 749 meter. Merkte turstiar leier deg rett inn i fjellheimen, og heilt over til Stord. (Sjå turkartet s. 35). Det er fisk å få i mange av fjellvatna. Stord-Fitjar Turlag arrangerer fellesturar. Turprogrammet deira kan du òg få hos Turistinformasjonen på Fitjar.